Omgivelsane i seg sjølv innbyr til friluftsliv og fysisk aktivitet. Er du glad i å fiske, er det berre nokre meter til kaien. Fiskeutstyr kan du låne hos oss.
Det er godt tilrettelagt for både trenings- og musikkterapi på Solhaug. Treningsrommet har unik sjøutsikt og er utstyrt med både tredemølle, vekter, slynger, romaskin mm.
Musikkrommet er spesialbygd og rommar blant anna trommesett, gitarar og piano/keyboard.
På Solhaug har vi eit flott kjøkken. Å ha eit sunt og variert kosthald er viktig, også i behandlingskvardagen. Kokkane og servicemedarbeidarane våre bidrar kvar dag til at pasientane våre kan glede seg til både frukost, lunsj og middag.