1. Kronisk hepatitt C hos rusavhengige

Kronisk hepatitt C (HVC) hos rusavhengige personar i Bergen og omland: Ein studie av behandlingseffekt på individ- og gruppenivå.

​I satsingsprosjekt 1 skal BAR saman med ei nasjonal HCV- forskingsgruppe, leia av Professor Olav Dalgård (internasjonal ekspert, spesialist i infeksjonsmedisin og forskar på HCV) undersøke om ein integrert HCV- behandlingsmodell i kombinasjon med nye antivirale legemiddel vil redusere førekomsten av HCV i denne høgrisikogruppa. Det er planer om å søke om middel til to tre-årige PhD-prosjekt til BAR. AP1 består av til saman 3 studiar:

Studie I:

HCV epidemiologi blant injiserande rusmisbrukarar i og utanfor LAR: Gjennomføre ein tverrsnittstudie for å berekne insidens og prevalens blant rusavhengige med kronisk hepatitt C både i og utanfor LAR i Bergen. Det blir utført som ei baselineundersøking utan intervensjon med eit tilfeldig utval av 100 pasientar i 2017 og 100 nye pasientar i 2018.


Studie II:

Integrert behandling versus standard infeksjonspoliklinikk HCV-behandling: Gjennomføre ein individbasert randomisert kontrollert studie (RCT) kor HCV-RNA positive pasientar i og utanfor LAR blir randomisert til enten integrert utgreiing og behandling på MO-sentra/LAR-poliklinikkane eller standard utgreiing og behandling ved infeksjonsmedisinsk poliklinikk. Etter behandling blir både etterleving og fråver av virus testa og samanlika i dei to gruppene. Formålet med studien er å teste om integrert behandling gir betre etterleving og behandlingseffekt enn standard behandling ved infeksjonsmedisinsk poliklinikk.


Studie III:

Måle førebyggande effekt av behandling: Med bakgrunn i studie I og II blir effekten av HCV-insidens og reinfeksjon etter vellykka behandling vurdert. Den førebyggande effekten blir testa ved å oppskalere integrert behandling i poliklinikk 1 og standard behandling i poliklinikk 2-4. HCV-insidensen i poliklinikk 2-4 blir samanlikna med HCV-insidens i poliklinikk 3 ved baseline og etter intervensjon i prosjekt 2. Alle pasientar som oppnår varig rusfridom etter gjennomført behandling blir inkludert i denne studien. Pasientane blir følgt opp over to år med HCV-RNA prøve kvar 3. månad. Viss prøven blir positiv blir det utført ei viral sekvensering og resultata blir samanlikna med baselineprøvane for å avgjere om det føreligg ein reinfeksjon med nytt virus eller eit seint tilbakefall av opprinneleg eller koinfisert virus (mixed infection).

Informasjon om studien på kliniskestudier.helsenorge.no