skitur

BAR

Bergen Addiction Research Group

Avdeling for rusmedisin har eit langsiktig mål om å kunne gjere meir og betre forsking på ruspasientar i Noreg. For å nå dette målet har avdelinga etablert Bergen Addiction Research Group (BAR).

Forskingsgruppa BAR skal bygge på den kliniske erfaringa med å etablere LAR (Legemiddelassistert rehabilitering) og forskingskompetanse innanfor ruslidingar på høgt internasjonalt nivå.

Les meir om BAR

BAR har som overordna mål å bygge opp infrastruktur til å systematisk samle inn data om ruspasientar for å betre diagnostikk, behandling og rehabilitering av LAR- pasientar. Vidare gir BAR-organiseringa moglegheit for å forske på ei rekke uavklarte, klinikknære og aktuelle vitskaplege problemstillingar med internasjonal relevans.
Satsinga vil kunne gi moglegheiter for translasjonsforsking med potensiale for å sjå på ei breidde av problemstillingar. Frå basalbiologi, farmakologi, hjernefunksjon og genetikk til forløps/intervensjonsforsking, somatisk helse, effekten av LAR-medisinar og brukaropplevingar. Kopling mot generelle pasientregister er også planlagt her.

Kven er BAR?

Alle medlemmene i BAR har god klinisk erfaring med ruspasientar og er med på å bygge opp ei tverrfagleg spesialisert behandling for LAR- pasientar.

Lars Thore Fadnes

Forskingsleiar for BAR ved Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus. Fadnes er lege og forskar. Har forskingserfaring med HIV, barnehelse og ernæring i tillegg til klinisk arbeid som fastlege og lege ved Avdeling for rusmedisin.

 Christian Ohldieck

Overlege ved Avdeling for rusmedisin og seksjonsleiar for legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i Bergen. Ohldieck jobbar med rus- og avhengigheitsmedisin og har brei klinisk erfaring både innanfor rus- og avhengigheitsmedisin og allmennmedisin. 

Kjell Arne Johansson

Seniorforskar ved BAR og lege ved Avdeling for rusmedisin. Johansson har erfaring med å bygge opp og leie forskingsgruppa Globale Helseprioriteringer ved Universitetet i Bergen. Forskingsgruppa er i internasjonal forskingsfront på helseprioriteringsforsking.  Johansson har også erfaring frå å jobbe med leiande forskingsinstitusjonar i verda, som til dømes Harvard University, WHO-CHOICE og University of Washington.

Else-Marie Løberg 

Avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin og professor ved Universitetet i Bergen. Jobbar med rus- og avhengigheitsmedisin, nevrokognisjon, psykose og brukarmedverknad,  og leier/har leia forskingsprosjekt knytt til hjernefunksjon, psykose, traume, rus, genetikk, behandlingsstudiar og pasientnær forsking.

Fatemeh Chalabianloo

er spesialist i klinisk farmakologi og overlege ved Avdeling for rusmedisin og vil vere med og koordinere metadonprosjektet. Chalabianloo er stipendiat knytt til BAR.


Christer Frode Aas

er stipendiat ved BAR og lege ved Avdeling for rusmedisin.  Jobbar med rus- og avhengigheitsmedisin med klinisk erfaring frå LAR.

Jørn Henrik Vold

er stipendiat ved BAR og lege ved Avdeling for rusmedisin. Jobbar med rus- og avhengigheitsmedisin med klinisk erfaring frå LAR.



BAR-satsinga vil involvere sterke nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.


BAR-satsinga har tett samarbeid med fleire nasjonale og internasjonale forskingsmiljø i tillegg til Bergen kommune og somatiske sjukehusavdelingar. BAR har også tett samarbeid mot brukarar og brukarorganisasjonar inkludert ProLAR der Ronny Bjørnestad og Ole-Jørgen Lygren begge har ei sentral rolle.

Sentrale problemstillingar for BAR

1. Status LAR-feltet

Skadeleg bruk og avhengigheit av rusmiddel utgjer eit stort folkehelseproblem i Noreg. Dette kjem klart fram i dei siste resultata frå Global Burden of Disease [2].  Om lag 7 til 10 000 injiserer rusmiddel i Noreg, og det er særleg opioid som blir injisert [3]. Noreg har i mange år hatt høge tal på overdosedødsfall. I dødsårsaksregisteret for 2015 vart det registrert 234 slike dødsfall og i 79 prosent av desse tilfella var årsaka opiat. [4].

LAR er eitt av verktøya som blir nytta i helsevesenet for å redusere skadane av rusmiddel. I 2015 var det 7500 pasientar som fekk LAR i Noreg. Gjennomsnittsalderen blant LAR-pasientar er aukande og er no 43 år. I 2015 vart det rapportert 127 dødsfall i LAR i Noreg, og dødsfalla skjer i stor grad hos dei eldste. Blant LAR- pasientar er det ein høg førekomst av samansette sjukdomstilstandar.
Hjarte-kar sjukdom, kreft, leversjukdom og bakterielle sjukdommar er dei viktigaste dødsårsakene [5].

Vi har lite kunnskap om førekomsten av mange somatiske og psykiske lidingar hos denne pasientgruppa, ikkje minst fordi helsetenestene har vore lite tilrettelagde for dei og fordi det har vore satsa for lite på forsking på rusfeltet. Vi veit at om lag 20 000 menneske i Noreg har kronisk hepatitt C (HCV). Av desse er om lag 75 prosent smitta gjennom deling av sprøyter og anna brukarutstyr[6], og blant pasientar i LAR veit vi at rundt halvparten er kronisk infiserte med HCV [5]. Hepatitt C-infeksjon vil over tid gi ein høg risiko for utvikling av komplikasjonar som leversvikt og leverkreft. Behandlinga har inntil dei siste åra vore krevjande å gjennomføre blant anna grunna alvorlege biverknader og at ein stor del av dei som har blitt behandla ikkje har blitt friske frå behandlinga [7]. Dei siste åra har derimot fleire nye direkteverkande antivirale legemiddel med lite biverknader blitt tilgjengelige [8]. Med vellykka gjennomføring av desse kurane kan dei aller fleste bli friske og dette vil truleg også redusere smittepresset blant dei med injiserande rusliding.

Ei norsk studie fann ut at berre 14 % av dei i LAR med kronisk HCV hadde prøvd HCV- behandling [18]. Den lave andelen som har gjennomført behandling i kombinasjon med det naturlige forløpet av kronisk HCV er blant rusfagfeltets største utfordringar, både nasjonalt og internasjonalt [19]. Denne gruppa har også hatt eit mindre fullverdig helsetilbod enn befolkninga elles, i tillegg til at det er mindre kunnskap om helsetilstanden i denne gruppa [20]. Det er derfor behov for utvikling av nye tiltak som bidrar til at fleire av dei som har behov for antiviral HCV-behandling får tilgang til dette og samtidig skapar meir kunnskap om helsetilstanden i denne gruppa.

For å nå fram til pasientar med ruslidingar har det vist seg nødvendig å bruke metodar som er kjenneteikna av ei tverrfagleg tilnærming og tettare oppfølging enn det som vanlegvis blir nytta i helsevesenet [21-23]. Ein slik integrert behandlingsmodell for pasientar i LAR er etablert i løpet av dei siste åra ved Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen. I Bergen er det etablert LAR- poliklinikkar i kvar bydel kor dårleg fungerande pasientar blir følgt opp av helse- og sosialfagleg personell på tilnærma dagleg basis knytt til overvaka inntak av LAR-legemiddel [20]. Ved kvar av LAR-poliklinikkane er det tilknytt både overlege og lege i spesialisering innanfor rus- og avhengigheitsmedisin. Ved nokre av poliklinikkane får pasientane også tilbod om oppfølging hos psykolog. Det er etablert eit tett og godt samarbeid mellom Avdeling for rusmedisin og dei kommunale helsetenestene i Bergen. Denne omfattande modellen for behandling av LAR- pasientar er unik i Bergen, også i eit internasjonalt perspektiv. Behandlingsmodellen i Bergen skaper ein ypperleg plattform for å teste ut samintegrering av helsetenester og samtidig innhente meir kunnskap om ei gruppe som normalt er svært vanskeleg å nå.



2. Overordna tilnærming

Forskingsgruppa vil først sjå på LAR- populasjonen i Bergen, men vil etter kvart prøve å utvide til ein Norsk populasjon. Det er i dag fleire prosjekt innan BAR, inkludert PhD-prosjekt og samarbeidsprosjekt, og vidare satsing involverer særleg:

1a. Estimere HCV- insidens og prevalens blant LAR- populasjonen i Bergen for å identifisere behovet for HCV- behandling,
1b. Samanlikne effekt av standard HCV- behandling på infeksjonspoliklinikkar vs. integrert HCV- behandling i LAR- poliklinikkar,
2a. Beskrive kvalitativt kva fordelar LAR Bergensmodellen kan ha,
2b. Utvikle ein finansieringsmodell av LAR- behandling basert på primærdata for å kunne gjere helseøkonomiske evalueringar og estimere forventa kostnad ved innføring av ny teknologi og
3. Få auka kunnskap om omdanninga til metadon for å kunne tilby betre legemiddelbehandling for LAR- pasientar. 

Bergen Addiction Research Group har eit langsiktig mål om å kunne gjere meir og betre forsking på ruspasientar i Noreg. I forbindelse med dette prosjektet vil vi derfor etablere eit helseregister og ein generell forskingsbiobank for LAR-pasientar i Noreg, som også kan brukast av andre prosjekt i framtida. Registeret og biobanken skal driftast av Bergen Addiction Research Group ved Avdeling for rusmedisin.

Satsingsprosjekt

Satsingsprosjekta vil danne grunnlag for ein del søknader om eksterne middel i samarbeid med etablerte og erfarne forskingsmiljø, i regi av seniorforskar med bakgrunn frå blant anna registerforsking og erfaring med å skrive søknader. Den aktuelle seniorforskaren vil også bidra med å skrive søknader i forbindelse med etablering av helseregisteret og biobanken, i tillegg til koordinering av nettverksbygging gjennom reiser og workshops blant anna for å konsolidere samarbeidet med den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Satsingsprosjekt 1 vil gå parallelt med oppskaleringa av Hepatitt C (HCV)- behandling i LAR- poliklinikkane i Bergen og vi vil systematisk estimere prevalens og insidens av HCV, i tillegg til å evaluere effekten av integrert HCV-behandling.

Våre forskingsprosjekt