Floen Poliklinikk

Floen Poliklinikk utgjer fase 1 og 4 i behandlinga ved Floenkollektivet.

Fase 1

Fase 1 er eit poliklinisk tilbod, som skal førebu pasientar til døgnbehandlinga ved Floen. Her får ein individualsamtalar med kontaktpersonen sin. I tillegg deltek ein i inntaksgruppa og dagbehandlinga.

Inntaksgruppe

Inntaksgruppa har som målsetting å førebu pasientar til døgnbehandling ved Floen Manger, og gjere dei kjende med gruppebehandling som terapeutisk verktøy. Inntaksgruppa er ei prosessgruppe, der ein blir betre kjend med seg sjølv og viktige tema i eige liv. Her ser vi mellom anna på kva som kan vere årsaka til at ein starta å ruse seg, kva som gjer at ein held fram med å ruse seg, og kva ein må gjere noko med for å kunne oppnå eit rusfritt liv. 

Før gruppa kan ein komme og ete felles lunsj kl. 11.30. 

Dagbehandling

Dagbehandlinga inneheld sosialt fellesskap og tilhøyrsle, matlaging, sosial trening og motivasjonsarbeid. Det hender vi har ulike aktivitetar på desse dagane.

Samhandling

For å få til eit behandlingsopplegg som er mest mogleg tilrettelagt for den enkelte,  samarbeider vi ofte med NAV, fastlege og andre viktige samarbeidspartnarar.

Fase 4

Oppfølging i eigen bustad

I fase 4 bur elevane i eigen bustad med oppfølging frå oss i poliklinikken, mellom anna med heimebesøk.

Individualsamtaler og terapigrupper 

I tillegg til oppfølging i eigen bustad får elevane også individualsamtaler med eigen behandlar i poliklinikken og deltek i sosialt samver annakvar veke.  

Jobb først

Jobb først er eit tilbod til alle elevar i Floenkollektivet som ønskjer seg ut i ordinært arbeid. Jobb først har base i poliklinikken.

Jobb først - Floenkollektivet

Teamleiar

Janne Aspelund Strømme