Målgruppa for behandling ved Floenkollektivet er unge rusavhengige i alderen 18 til 33 år.
Dei fleste som blir behandla ved Floenkollektivet har prøvd anna behandling tidlegare. Dei har ofte ei samtidig rusliding og psykisk liding eller ROP-liding (også kalla "dobbeldiagnose").
Terapeutisk samfunn
Eit terapeutisk samfunn er ein leve- og læringssituasjon, der elevane lever og arbeider saman med dei tilsette.
Alt som skjer i relasjonen mellom medlemmane i eit slikt samfunn blir brukt som ein læringsmoglegheit i behandlinga.
Les meir om terapeutiske samfunn
Fellesskapet som metode
Ein møter eit fellesskap av menneske som trur på at den enkelte er i stand til å hjelpe seg sjølv saman med andre.