Postane våre

På seksjon Askøy har vi tre postar; avrusingsposten, stabiliseringsposten og mannsposten.

rom m seng og vindu.foto
 

OM AVRUSINGSPOSTEN

Avrusingsposten (7 senger) tar imot pasientar med akutt behov etter tilvising frå avdelingar i spesialisthelsetenesta. Posten tilbyr alle aspekt av avrusing som må gjerast i eit miljø med tett medisinsk oppfølging. Som for eksempel nedtrapping, bytte mellom LAR-medikament, og behandling av abstinens.

OM STABILISERINGSPOSTEN

Stabiliseringsposten (6 senger) tar imot pasientar frå andre avdelingar i spesialisthelsetenesta. Ved utskriving skal du vere stabilisert, både fysisk og psykisk, til å halde fram i poliklinisk behandling eller anna oppfølging.

OM MANNSPOSTEN

Mannsposten (12 senger) tar imot avrusa pasientar etter tilvising frå fastlege, NAV eller andre delar av spesialisthelsetenesta. Målet med behandlinga er auka forståing og innsikt knytt til rusproblemet ditt og betre ruskontroll.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.