Generell informasjon for alle postane

Her finn du generell informasjon som gjeld pasientar ved alle postane på AFR Askøy.

Ruskontroll

Som støtte for rusmeistring vil det bli tatt urinprøvar. Det kan også bli tatt urinprøve på bakgrunn av bekymring for at du har rusa deg, eller som generell stikkprøvekontroll. Enkelte gonger kan du også bli beden om å blåse i alkometer. Du har sjølv ansvar for at avtalte prøvar blir levert innan avtalt tid. Urinprøvar blir tatt med tilsyn av personalet, etter spesielle retningslinjer. Dersom du nektar å levere urinprøve eller triksar med denne, vil vi drøfte det med deg.

Kroppsvisitasjon og ransaking

Ved innlegging i institusjonen vil bagasjen din bli gjennomgått. Ved mistanke om oppbevaring av rusmidlar eller farlege gjenstandar har tilsette rett til å føreta kroppsvisitasjon, eller ransaking av bebuaren sitt rom. I slike tilfelle vil det bli ført tvangsprotokoll.

Blodprøvar

Det er tilbod om blodprøvetaking til alle pasientar. Dette inneber kontroll av lever/nyre og blodstatus, hepatitt- og HIV- smitte. Dersom det er noko ved resultata som er bekymringsfullt eller skal følgast opp, får du beskjed om dette.

Behandlingsplan

Alle pasientar skal ha sin eigen behandlingsplan, her blir målsettingane dine og ønsker for opphaldet skrive ned, i tillegg til kva som skal til for at du skal klare å oppnå måla dine. På grunnlag av den informasjonen vi har om deg, og den informasjonen du gir oss, vil vi saman prøve å finne ut kva utfordringar du har i forhold til din rusavhengigheit, psykisk og fysisk helse, og sosiale forhold du må arbeide med for å nå målsettingane med behandlinga di.

Kriseplan

Som pasient har du rett på ein kriseplan. Saman med personalet lager du kriseplan til hjelp i risikosituasjonar, og trener på meistring av desse. Kriseplanen er din, og den skal hjelpe deg både i behandlingstida, og i tida etter behandling. Vi anbefaler at du er nøye på å jobbe godt med kriseplanen din.

Oppbevaring/sal av rusmidlar

Oppbevaring, sal og distribusjon av rusmidlar, brukarutstyr og ikkje føreskrevne medikament inkludert dopingpreparat, kan føre til utskriving. Funn vil bli konfiskert og ein vil vurdere politianmeldelse. Beslaglagt alkohol vil bli destruert.

Rusing og bilkjøring

Rusing påverkar køyring. Førarkortforskrifta er klar på følgande: Viss det føreligg eit kronisk forbruk, sjølv om rusmiddel ikkje blir brukt i forbindelse med køyring, må det bli antatt at evna til å køyre er kronisk påverka. Helsekrava til å inneha førarkort er ikkje oppfylt. Når helsekrava til å inneha førarkort ikkje er oppfylt, har behandlande legar og psykologar plikt etter www.helsedirektoratet.no/lover/helsepersonelloven.no, å sende melding om dette til Fylkesmannen.

Personar i LAR har ikkje oppfylt helsekrava til førarkort. Ein kan søke dispensasjon etter eit års fråver frå illegale rusmidlar, og minst 6 mnd på stabil dose Metadon eller Buprenorfin. Dispensasjon gjeld kun førarkort i laågare klasse.

Vald og truslar

Vald eller truslar om vald retta mot medpasientar eller tilsette blir sett svært alvorleg på, og kan føre til umiddelbar bortvising og tap av plass. Valdsbruk og alvorlege truslar fører til politianmeldelse.

Dine rettar som pasient under opphaldet

Viss du meiner du ikkje får dei helsetenestene du har rett til, eller ikkje får oppfylt andre rettar etter pasientrettigheitslova, kan du be om at det blir retta opp. I tillegg kan du klage på enkeltvedtak som blir gjort. Eksempel på enkeltvedtak kan vere utskriving, pålagt permisjon, besøksnekt, ransaking av rom og liknande.

I begge tilfelle kan du då skrive ei anmodning til Seksjon Askøy om å rette opp forholdet, eller gjere om på vedtaket. Dersom institusjonen avviser anmodninga, kan du klage til Fylkesmannen i Hordaland. For meir informasjon om klagerett, sjå www.fylksemannen.no

Seksjon Askøy vil hjelpe deg med utforming av anmodning / klage dersom du ønskjer det.

Pasientombod

Dersom du ønskjer hjelp, råd eller rettleiing i forhold til dine rettar som pasient, kan du kontakte pasientombodet:

Pasient- og brukerombudet i Hordaland
Lars Hillesgt. 19, 5008 Bergen
Tlf. 55 21 80 90
Fax. 55 21 80 99
E-post: hordaland@pasientogbrukerombudet.no 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.