Behandlingsposten

På Seksjon Askøy blir du tilhøyrande ein post med inntil 12 medpasientar.  Behandlinga bygger på tre hovudpilarar. Dette er miljøterapi, fysisk aktivitet og gruppeterapi.

prat op terasse. utsikt. foto
 

På posten jobbar det miljøpersonale med ulike utdanningar som for eksempel vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar. I tillegg er det lege, psykolog, fysioterapeut, sosionom og aktivitetskoordinator knytt til posten.

Som pasient på behandlingsposten har du dagleg tett kontakt med både medpasientar og miljøpersonalet. Det er ein tett timeplan, og saman med kontaktpersonen din på posten vil du lage din eigen timeplan for kva fellesaktivitetar du skal delta på. Du vil få utlevert timeplan.

Programmet strekker seg frå kl 08.00 – 17.00 alle kvardagar. På ettermiddagar og i helgane kan du ha permisjonar og treningsturar utanfor institusjonen. Dette blir avtalt med personalet.

I helgar og på ettermiddagar oppfordrar vi deg til å utforske interesser og aktivitetar som kan bidra til å skape positiv endring i livet ditt. Personalet kan hjelpe deg med å finne fram til eigna aktivitetar som samsvarer med interessene dine.

Behandlinga

Behandlinga du vil få bygger på tre hovudpilarar. Dette er miljøterapi, fysisk aktivitet og gruppeterapi.

Miljøterapi

Miljøterapien, der fellesskapet med medpasientar er det viktige, består bl.a. i aktivitetar med felles ansvar for matlaging, orden og andre aktivitetar som er vanlege i eit daglegliv. For mange er det også viktig å få etablert ein god døgnrytme.

Det er miljømøte kvar veke der forhold i miljøet kan diskuterast og rettast opp i. Dette er ein viktig arena, der du som pasient kan gi personale tilbakemeldingar på forhold som er viktige for deg, av både positiv og negativ art.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet er terapeutisk både for kropp og sjel, det dempar uro, abstinenssymptom, angst og depresjon. Det blir forventa at du deltar i aktivitetar, og om du treng særleg tilrettelegging vil aktivitetskoordinator og / eller fysioterapeut hjelpe deg til å delta på ditt nivå.

Gruppeterapi

Gruppeterapi blir tilbydd tre gonger i veka, vi har ulike grupper som du vil lære meir om når du kjem i behandling. Gruppene blir leia av 2 fagpersonar. Gruppeterapeutane har fleire tilnærmingar, blant anna metodar som bygger på mentalisering, kognitive teoriar og motiverande intervju. Deltaking i desse gruppene er obligatorisk.



I tillegg er det tilbod om andre grupper. Vi har ei gruppe for uttrykksterapi, der du får male og teikne, dette tilbodet krev ingen forkunnskap. Vi har også tilbod om undervisning i musikk, ålene eller i grupper.

Anna informasjon til pasientar ved behandlingsposten

 

Individuell kontakt med psykolog

Individuell kontakt med psykolog er noko du drøftar med postens psykolog, og det blir laga avtaler ut frå dine behov. For nokon kan det vere aktuelt med nokre få samtalar for å avklare målsettingar, for andre kan det vere aktuelt med kartlegging av psykisk helse og terapi. Dersom du har behandlar i poliklinikk blir det anbefalt at du fortsetter å ha kontakt med denne under behandlingsopphaldet.

Kontaktperson

Kvar pasient får utnemnt ein av miljøpersonalet som sin kontaktperson. Dette blir din viktigaste støtteperson under opphaldet. Saman med kontaktperson og psykolog/lege utarbeider du behandlingsplanen din.

Når du har langvarige og samansette problem som gjer at du treng hjelp frå fleire instansar slik som NAV, fastlege, psykisk helseteneste mm, kan du ha rett på koordinator i kommunen og IP (Individuell Plan). Om du ikkje har IP og ansvarsgruppe, vil vi i samarbeid med deg etablere eit slikt samarbeid og få til oppstart på utarbeiding av dette.

Inntaksfasen

Erfaringsmessig vet vi at for dei fleste er det godt for behandlinga at du skjermar og stabiliserer deg dei første vekene av behandlinga. Vi har derfor definert dei tre første vekene av opphaldet som ein inntaksfase. I denne fasen ønsker vi ikkje at du skal ta turar ut frå institusjonen utan personale. Derfor er det ein fordel at du ordnar praktiske ting før innlegging.

  • Veke 1:
    Vere på Seksjon Askøy sitt område. Kan vere med på fellesaktivitetar utanfor området dersom personalet er med.
  • Veke 2:
    Kan gå turar / jogge utanfor området.
  • Veke 3:
    Anledning til å søke treningstur for helga.

Treningsturar

Med treningsturar meiner vi avtalte og planlagte turar, der du skal trene på spesifikke utfordringar og situasjonar knytt til problema dine og behandlinga di. I løpet av kort tid på institusjonen skal du førebu deg på det livet du ønsker å leve utanfor institusjonen. For at du skal ha mest mogleg nytte av behandlinga må du derfor trene på å meistre situasjonar som du veit oppstår i livet utanfor institusjonen.

Alle overnattings- og dagsturar skal drøftast med kontaktpersonen din, og avtalast og søkast om på forhånd.

Rutiner / retningslinjer for søknadar om treningsturar.

  1. Fyll ut søknadsskjema og lever dette til personalet
    Søknaden skal i forkant vere diskutert med kontaktperson eller i gruppeterapien
  2. Ikkje forlat institusjonen før avtalt
  3. Meld fra til personalet når du kjem tilbake

Det er viktig at vi til ei kvar tid veit kven som er på institusjonen. Når du forlet Seksjon Askøy må du gi beskjed om kor du skal og når du kjem tilbake. Av omsyn til behandlingsprogrammet er det i utgangspunktet ikkje anledning til å dra før etter kl. 16.30 (måndag til torsdag) og kl. 15.00 fredag.

Ikkje anbefalt fråver

Når du blir frarådd å dra frå institusjonen og likevel gjer det vil dette bli tematisert i behandlinga di, og vere ein del av ei heilskapsvurdering av ditt utbytte av behandlinga.

Helsetjenester

I starten av opphaldet vil du få samtale både med lege og psykolog, slik at vi får god oversikt over dine aktuelle helseproblemstillingar. Dersom det blir avdekka sjukdommar vil lege/psykolog, saman med deg, vurdere kva som skal gjerast. Det er viktig at du er merksam på at det berre er lege ved institusjonen som bestemmer kva legemiddel du kan bruke under innlegginga.

Tannlege

Mange pasientar kan ha rett til gratis tannbehandling. Ta dette opp med kontaktperson eller behandlingsansvarleg.

Rusing og ruskontroll

Alle ønskjer eit rusfritt behandlingsmiljø. Rusfridom er ein føresetnad for å ha utbytte av behandlinga. Som ein hovudregel vil vi ikkje at rusa pasientar skal vere på institusjonen. Rusa pasientar vil ofte bli pålagt permisjon, med tilbod om ein avtalt samtale nærmaste virkedag. Då blir episoden snakka om, og ditt utbytte av behandlinga blir vurdert. Dette dannar grunnlaget for beslutning om vidare behandling.

Omsetning av rusmiddel på institusjonen er lite solidarisk overfor medpasientar. Slik omsetning vil bli sett på som alvorleg og kan vere grunnlag for å avslutte behandlinga.

Rusing på treningsturar/permisjon

Dersom du kjem rusa tilbake frå treningstur eller permisjon vil du bli bedt om å forlate institusjonen for eit bestemt tidsrom. Du vil da få tilbod om retursamtale for vurdering av re-inntak. Det kan unntaksvis bli gjort andre vurderingar, men dette vil avhenge av ditt samarbeid og tilstand.

Det er ditt ansvar å opplyse om at du har rusa deg på treningstur. Dersom du ikkje har informert om det, og du avleverer positiv urinprøve, vil dette bli tema i samtale med deg. Vi vil vurdere dette i forhold til ditt behandlingsutbytte.

Dersom du har rusa deg på treningstur, ta kontakt med oss over telefon. Vi vil då gjere avtale med deg om korleis situasjonen best kan løysast.

 

 

Bli med inn

 

 

kjøkken.foto
Felles matlaging på kjøkkenet.

 

 

musikkrom.foto
God stemning på musikkrommet.

 

 

maling på lerret.foto
Det er mange ulike aktivitetar, blant annan utandørsmaling.

 

 

vollyballspilling.foto
Fysisk aktivitet er viktig.

 

 

treningsrom.foto
Treningsrom.

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.