Behandlinga på Askøy

Vi har erfart at rusavhengigheit kan overvinnast, men at ingen kan klare det åleine. Å vere i eit fellesskap er ein viktig del av behandlinga vår. Målet er at kvar pasient skal styrke eigne ressursar og erfare auka rusmeistring og livskvalitet.
prat op terasse. utsikt. foto
 

Ved Seksjon Askøy får kvar pasient eit eige team rundt seg. Alle pasientar får ein behandlingsansvarleg psykolog eller lege som kontaktperson, som koordinerer behandlande team.

I teamet inngår både lege, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, fysioterapeut og sosionom. Behandlinga inneheld individuell oppfølging, gruppeterapi, miljøterapi og fysisk aktivitet. Vi inviterer også familie og nettverk til å vere støttespelarar. 

kjøkken.foto
Felles matlaging på kjøkkenet.

musikkrom.foto
God stemning på musikkrommet.

maling på lerret.foto
Det er mange ulike aktivitetar, blant annan utandørsmaling.

vollyballspilling.foto
Fysisk aktivitet er viktig.

treningsrom.foto
Treningsrom.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.