Behandlinga hos Seksjon Askøy

​​

Fysisk aktivitet

Under opphaldet er det eit fokus på læring og mestring av fritidsaktiviteter som kan nyttast etter utskrivning. Slik aktivitet kan mellom anna virke inn på hjernens produksjon av endorfiner og så vidare.
​Fysisk aktivitet, betrer fysisk og psykisk helse. 

​Vi kan tilby:

  • Eigen aktivitetskoordinator og fysioterapeut, som gjer det mogleg å individualisere tilbodet for pasientar som treng det
  • Bruk av nærområdet til turer
  • Tur i naturen kvar dag
  • Kanopadling 
  • Treningsstudio 3 gangar i veka
  • Volleyball
  • Avslappingtrening
  • Terapibad
  • Dagsturar, viddetur, skidagar og liknande
  • Deltaking i diverse løp og 4-fjellstur​

Gruppeterapi​

​Vi tilbyr gruppeterapi med fokus på rusen sin funksjon for den enkelte, risikosituasjonar, psykiske utfordringar, mestring og kreativitet.

  • Obligatorisk inntaksgruppe for menn, 8 ggr, temastyrt.
  • Teamvis prosessorienterte grupper postvis, 3 dagar i veka.
  • Uttrykksterapi 2 timer 1 gang i veka. I tillegg individuell opplæring om pasientar ynskjer det.
  • Verdigruppe i gang i veka.
  • Tilbod om musikkaktiviteter individuelt og i grupper.​

Individuell oppfølging

​Der pasientar ynskjer kartlegging og individuell oppfølging av vanskane sine, får dei så langt som råd samtaler med lege og psykolog.

Rusmiddelbruk samt fysisk og psykisk helse blir kartlagt hos alle p​asientar.

Miljøterapi

Fellesskapet som metode
Miljøpersonale nyttar situasjonar og relasjonen til pasientane slik at pasientane kan utvikle sin eigen kompetanse, få tru på seg sjølv, oppretthalde motivasjon med meir.
Arbeide med mestring - dagleglivstrening (ADL)
Ein arbeider med meistring og ferdigheter knytt til dagliglivets aktiviteter (også kalla ADL-ferdigheter) som til dømes å planlegge matinnkjøp og tilbereie alle måltider.​