Avrusingsposten

Avrusingsposten er ein post som tilbyr avrusing til deg som er i aktiv rus før innlegging. Tilbodet gjeld for alle som har eit rusproblem, uavhengig av type rusmiddel.

rom m seng og vindu.foto
 

Målet er at pasientane våre skal få ei så lite belastande avrusing som mogleg, og det blir brukt ulike medikament for å oppnå dette. Det er legen som bestemmer kva medisinar som skal brukast under avrusing.

I Avrusingsposten er det plass til 13 pasientar, av begge kjønn. Som pasient vil du møte lege, sjukepleiarar, vernepleiarar og assistentar. Det er døgnbemanna heile veka, med lege til stades på dagtid i vekedagane.
Opphaldet vil vanlegvis vare frå 1-2 veker. Personalet vil snakke med deg om kva du ønsker deg vidare. Dersom du ønsker å gå vidare i behandling vil du kunne få hjelp til å søke om det. Som regel blir det litt ventetid før eit eventuelt behandlingstilbod er på plass.


Velkommen til Avrusingsposten (pdf)

Fann du det du leita etter?