Avrusings- og stabiliseringsposten

Avrusingsposten er ein post som tilbyr avrusing til deg som er i aktiv rus før innlegging. Stabiliseringsposten tilbyr stabilisering til pasientar som nyleg har vore i aktiv rus, men som er over den akutte avrusingsfasen.

rom m seng og vindu.foto
 

Avrusingsposten er ein post som tilbyr avrusing til deg som er i aktiv rus før innlegging. Tilbodet gjeld for alle som har eit rusproblem, uavhengig av type rusmiddel. Målet er at pasientane våre skal få ei så lite belastande avrusing som mogleg, og det blir brukt ulike medikament for å oppnå dette. Det er legen som bestemmer kva medisinar som skal brukast under avrusing.

I avrusingsposten er det plass til opptil 7 pasientar, av begge kjønn. Som pasient vil du møte lege, sjukepleiarar, vernepleiarar og assistentar. Det er døgnbemanna heile veka, med lege til stades på dagtid i vekedagane.

Opphaldet vil vanlegvis vare frå 1-2 veker. Personalet vil snakke med deg om kva du ønsker deg vidare. Dersom du ønsker å gå vidare i behandling vil du kunne få hjelp til å søke om det. Som regel blir det litt ventetid før eit eventuelt behandlingstilbod er på plass.

Stabiliseringsposten er ein post som tilbyr stabilisering til pasientar som nyleg har vore i aktiv rus, men som er over den akutte avrusingsfasen. Du kan framleis trenge medikament for å minske ubehaget etter avrusinga, og det vil du eventuelt få i stabiliseringsposten.

I stabiliseringsposten er det opptil 6 pasientar, av begge kjønn. Som pasient vil du møte lege, sjukepleiarar, vernepleiarar og assistentar. Det er døgnbemanna heile veka, med lege til stades på dagtid i vekedagane. Dersom du har behov for fysioterapi kan du få tilbod om det. Dersom du treng rettleiing frå sosionom er det også eit tilbod. I stabiliseringsposten er det tilbod om dagleg luftetur ut, saman med personalet.

Opphaldet på stabiliseringsposten kan vare frå 2-8 veker. Personalet vil snakke med deg om kva du ønsker deg vidare. Dersom du ønsker å gå vidare i behandling vil du få hjelp til å søke om det. Som regel blir det litt ventetid før eit eventuelt behandlingstilbod er på plass.

Velkommen til Avrusingsposten (pdf)

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.