HELSENORGE

Tilbakehald utan eige samtykke (tvang)

Seksjon Samhandling ved Avdeling for rusmedisin handsamar saker vedrørande førebuing, innlegging i institusjon etter §§ 10-2 og 10-3 i Helse- og omsorgstenestelova (HOL). Seksjonen koordinerar også vidare frivillig behandling eller bidreg til en evaluering av opphaldet i lag med pasienten og kommunen.

​​I nokre tilfeller der pasienten har eit så alvorlig rusproblem at det er fare for liv og helse, kan det vere aktuelt å fatte vedtak om at pasienten må innleggast i institusjon utan eige samtykke ("tvangsbehandling"). 
I dei fleste tilfeller er det NAV som fattar eit slikt vedtak, med heimel i Helse- og omsorgstenestelova.

Forsterka ruspost

Forsterka ruspost, ved Avdeling for rusmedisin, tek imot pasientar frå Helse Bergen og Helse Førde sitt opptaksområde. Ved ledig kapasitet kan andre helseføretak nytte ledige plassar. ​​​​
Fann du det du leita etter?