Oppfølging av gjestepasientar

Seksjon Samhandling følgjer opp pasientar som mottek rusbehandling ut over dei offentlege og private institusjonar som Helse Vest har avtale med.

​For å kunne følge opp gjestepasientar, som nyttar seg av Fritt sjukehusval eller får tildelt behandlingsplass gjennom HELFO pasientformidling, fører Seksjonen Samhandling oversikt over desse pasientane. 

Sikre gode pasienforløp

For å sikre best mogleg pasientforløp søker seksjon Samhandling, samarbeid med tilvisar og andre ansvarlege rundt pasienten. Det vil seie å lage sammanhengande tenester mellom første- og andrelinjetenesta (kommune og tverrfagleg spesialisert rusbehandling).  

Oversikt over gjestepasientbudsjettet 

Avdeling for rusmedisin har budsjettansvar for desse gjestepasientane, og seksjon Samhandling fører  oversikt o​ver gjestepasientbudsjettet.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.