Brot på behandlingsfrist

Avdeling for rusmedisin og Seksjon Samhandling arbeider kontinuerleg med å unngå brot på behandlingsfrist. Om vi ikkje kan tilby behandling innan behandlingsfristen har pasientan rett til å få behandlingsplass gjennom HELFO pasientformidling.

Melde fristbrot til HELFO (Helseøkonomiforvaltninga)

Om Avdeling for rusmedisin ikkje klarar å tilby behandlingsplass innan den oppgitte fristen, kan pasienten og tilvisar melde fristbrot  til HELFO pasientformidling.


Behandlingsplass gjennom HELFO pasientformidling

Når HELFO får bekrefta at Avdeling for rusmedisin ikkje kan tilby behandling innan fristen, vil HELFO pasientformidling finne ein behandlingplass for pasienten innan to veker.

Kostnadane for behandling gjennom HELFO pasientformidling vert dekka av Avdeling for rusmedisin.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.