Klage på behandlingsfrist
Om du ikkje er einig i vurderinga eller fristdatoen du har fått frå sjukehuset, det vil i dei fleste tilfelle seie Avdeling for rusmedisin, kan du be om at di tilvising vert vurdert på nytt. Om dette blir avvist, kan du klage til
Helsetilsynet ved Fylkesmannen i Vestland.
Førebygge brot på behandlingsfrist
Seksjon samhandling har dagleg oversikt over alle tilvisningar som er vurdert og gitt ein rett til prioritert helsehjelp etter Pasient- og brukerrettigheitslova.
Dette for å sikre at pasientane mottek behandling innan den oppgitte fristen, slik at ein unngår brot på behandlingsfristane.
Når Avdeling for rusmedisin ikkje klarar å tilby behandlingsplass innan den oppgitte fristen, kan pasienten ta kontakt med HELFO pasientformidling.
Når HELFO får bekrefta at Avdeling for rusmedisin ikkje kan tilby behandling innan fristen, vil HELFO finne ein behandlingplass for pasienten innan to veker.