Koronapandemien: Alle seksjonane i AFR er i drift

Alle døgnseksjonar og poliklinikkar i Avdeling for rusmedisin er i drift, men vi jobbar no på nye måtar.

 



For å frigjere personale til vår nyoppretta pandemipost og for å kunne ivareta pasientar som treng det mest, har vi redusert planlagde innleggingar og skreve ut nokre pasientar frå døgnopphald – alltid etter individuelle vurderingar og med oppfølging vidare. Døgnbehandling knytt til øyeblikkelig hjelp, avrusing, tvang og gravide er skjerma.

Her kan du lese meir om pandemiposten

Oppdatering 8. april om tilbod og opningstider i påsken


Her finn du informasjon om opningstider for kommunale tilbod og brukarorganisasjonar i påsken.

Oversikt kommunale tilbod i påsken


Sjå også vedlagte oversikt (PDF)


 Fleire brukarorganisasjonar aukar bemanning og opningstider på telefon i påsken for å svare på spørsmål frå personar med kroniske sjukdommar (gjeld kvardagar)

Brukarorganisasjonar utvidar tilbodet



Balanse mellom behandling og beredskap/smittevern

Alle tilsette jobbar no kontinuerleg med balansen mellom god og riktig rusbehandling - og nødvendig beredskap og smittevern.
Behandlarane i poliklinikkane våre og ambulante tenester bruker telefon og video til samtalar og ansvarsgruppemøter for pasientar som har moglegheit til det. Pasientar som treng meir oppfølging, får tilbod om dette på store kontor slik at vi har nok avstand til kvarandre, eller utandørs for eksempel gjennom ein tur.

LAR har utvida moglegheit for heimkøyring av medisinar og lågterskeltilbodet M31 held ope.

Informasjon til LAR-pasientar under koronapandemien

I døgnseksjonane har vi også gjort nokre endringar i tråd med helsemyndigheitene sine krav til smittevern. Vi jobbar saman med pasientane med å gjennomføre nye rutinar for blant anna handvask, mathandtering og storleik på terapigrupper.

I denne fasen vil samarbeid og god kommunikasjon med kommunane vere veldig viktig, for å sikre gode pasientforløp. Pakkeforløpskoordinator kan kontaktast ved behov, tlf:

Denne sida vil bli oppdatert ved endringar.

Fann du det du leita etter?