Koronainformasjon til våre pasientar

Det har kome informasjon om smitte i rusmiljøa i Bergen og nærliggande kommunar.
Det minner oss alle om at smitten fortsatt finst, og at vi må ta informasjon om Covid-19 og smittevernstiltak alvorleg.

illustrasjon av koronavirus
Vi har alle eit ansvar for å ikkje utsette oss for smitte.
Vi har også eit ansvar for å beskytte andre mot smitte.
 

Dei generelle råda om godt smittevern gjeld framleis:

  1. Vask hendene ofte med såpe og vatn. Spritvask i tillegg når du går inn og ut av butikkar, poliklinikkar og andre stader.
  2. Hald avstand til andre, og bruk munnbind når det ikkje er så lett å halde avstand, for eks. når du reiser med buss, bybane eller båt. Mange butikkar ønsker også at du nyttar munnbind.
  3. Unngå å handhelse og å klemme.
  4. Hald deg borte frå stader der mange folk samlast.
  5. Hald deg heime dersom du får symptom på forkjølelsessjukdom, og så lenge du er sjuk. Dersom du er sjuk fire dagar eller meir, bør du ta kontakt med kommunens testsenter for Covid-19.  
    Det er gratis å ta test ved kommunen sitt testtilbod. Du kan ringe koronatelefonen 55 56 77 00 for å avtale test.

    Hald deg deretter i ro heime til du får svar på prøven. Dersom prøven er positiv, vil du få beskjed om kor lenge du må halde deg i isolasjon.
  6. Dersom du må vere i karantene eller i isolasjon, må du melde frå til behandlaren din i Avdeling for rusmedisin. Vi kan bistå deg med for eksempel ambulant oppfølging medan du er i isolasjon. Vi kan også tipse deg om korleis du kan få mat brakt heim. Du skal ikkje gå ut av huset så lenge det er sagt at du skal halde deg i ro.
  7. Dersom du bruker rusmidlar, ikkje del brukarutstyr.
Fann du det du leita etter?