Informasjon til LAR-pasientar under koronapandemien

Som dei fleste av dykk er kjende med har situasjonen rundt Koronapandemien ført til at norske styresmakter har innført drastiske tiltak for å hindre spreiing av viruset. Også for dykk som er LAR-pasientar, er det nokre endringar i tilbodet. 

Vi er no i ein situasjon der all sosial kontakt med fysisk nærleik blir avgrensa, fordi det er slik kontakt som bidrar til å spreie viruset. Mange av dei som er smitta har ikkje symptom, eller har kun milde symptom, men kan likevel smitte andre. Viruset smittar lett. Sidan viruset er heilt nytt, har ikkje befolkninga vern mot det.

For dei fleste er sjukdommen heilt ufarleg. Men for eldre menneske, og for menneske med samtidig annan alvorleg kroppsleg sjukdom, kan sjukdommen bli veldig alvorleg. Dersom smitta får spreie seg uhindra, vil mange menneske i denne kategorien bli sjuke og trenge innlegging i sjukehus. Kapasiteten i helsevesenet vil kunne bli sprengd, særleg dersom helsepersonell som legar og sjukepleiarar også blir sjuke og må vere borte frå jobb.  

Dette er bakgrunnen for at også lågterskel hjelpetilbod, som MO-sentra, no stengjer ned. Alle i Noreg blir no oppfordra til å vere mest mogleg heime og ha minst mogleg fysisk nærkontakt med andre menneske.
For mange av dykk som er pasientar i LAR er dette ein svært alvorleg situasjon. Hjelpetilboda er viktige for dykk. Frykta for viruset kan forverre angstfølelse. Det kan bli vanskelegare å få tak i rusmiddel eller vanedannande legemiddel som nokre av dykk også er avhengige av.
Vi som jobbar i LAR i Helse Bergen er klar over korleis denne situasjonen kan opplevast. Vi vil strekkje oss langt for å vere der for dykk også no.

Kva for tiltak gjer vi i Avdeling for rusmedisin, LAR?

Det er viktig for oss å bidra til å hindre at viruset får spreie seg blant våre pasientar.
Dette er nokre av endringane vi gjer:

  • Ansvarsgruppemøte blir reduserte til eit minimum
  • Behandling hos psykolog eller behandlar kan bli sett på pause
  • Vi endrar henteordninga av LAR-legemiddelet til mange i denne unntakssituasjonen 
    • Det kan bety at du som pasient får med deg LAR-legemiddel for fleire dagar av gongen, eller at du får legemiddelet køyrt heim eller overlevert på annan måte enn vanleg. Det vil bli gjort individuelle vurderingar for kvar av dykk. Det er viktig å understreke at endra henteordning krev auka bevisstheit og ansvar for å handtere legemidla sjølv. Tapt legemiddel blir ikkje erstatta.
    • Dei av dykk som framleis skal ha utlevering på LAR-poliklinikk, vil bli slopne inn i lokalet enkeltvis. Det gjer vi for å hindre at fleire enn to personar er til stades i venterommet samtidig, for å redusere risiko for smitte. Risiko for smitte aukar dersom ein er mindre enn to meter unna ein som har viruset, så vi oppfordrar dykk til å halde litt avstand til kvarandre i denne perioden.

Vi i Avdeling for rusmedisin, LAR, ønskjer å halde hyppig kontakt over telefon med dei av dykk som ønskjer det gjennom denne krevjande tida. Vi vil så langt vi klarer prøve å svare på dei spørsmåla de måtte ha, gje støtte og råd. Vi vil også gjere så godt vi kan for å halde dykk orienterte om viktig informasjon i løpet av vekene som kjem.

Kva kan du sjølv gjere for å hindre å bli smitta?

  • God handhygiene; vask hendene ofte
  • Dersom du brukar rusmiddel; ikkje del brukarutstyr. Viruset kan smitte også når ein tar på ting som ein som er sjuk har tatt på
  • Ikkje oppsøk samling av menneske. Dersom det er nødvendig å treffe andre, hald to meters avstand og ikkje handhels

Kva bør du gjere dersom du opplever symptom?
Symptoma kan likne forkjøling; hoste, rennande nase, verk i kroppen, sjukdomsfølelse og tung pust. Dersom du opplever slike symptom, bør du:

  • Halde deg heime, dersom symptoma ikkje er alvorlege. Det er særleg tung pust som er eit alvorlig symptom ved denne sjukdommen
  • Ringe og informere din behandlar i LAR om situasjonen, og halde dagleg kontakt med han eller ho for råd
  • Dersom du må gå ut, bruk munnbind/tøystykke/buff foran munn og nase. Dette reduserer risiko for at du eventuelt smittar andre
  • Ved forverring og/eller at du har symptom som du opplever som alvorlege; kontakt din fastlege eller legevakt. Hald også din behandlar i LAR orientert

Det er viktig å vite at forverring typisk kan skje etter 4-7 dagar med milde symptom.
Hugs også at sidan sjukdommen kan påverke pusteevna, vil samtidig bruk av rusmiddel kunne auke risikoen for overdose.

Kva bør du gjere dersom du har behov for akutt helsehjelp av andre grunnar?

  • Kontakt fastlege eller legevakt
  • Hald din behandlar i LAR orientert. Akuttkjeda innan rusbehandling (Akuttposten, Skuteviken og Stabiliseringsposten ved AFR Askøy) er i drift

Med vennleg helsing frå alle oss som jobbar i Avdeling for rusmedisin, seksjon-LAR

Fann du det du leita etter?