Endring i døgntilbodet

I løpet av 2021 skal Avdeling for rusmedisin gjennomføre ei omorganisering av tilbodet innan døgnbehandling, for å kunne gi eit tilbod som er i tråd med pasientane sine behov, og av det omfang og med den kompetanse som er nødvendig.

Avdeling for rusmedisin har per januar 2021 ei rekke døgntilbod spreidd over mange ulike lokasjonar, frå Manger i nord til Askøy i vest og Sund i sør. 
Nokre av døgntilboda har likelydande behandlingstilbod eller pasientgrunnlag , og nokre har hatt varierande belegg over tid. For andre tilbod ser ein eit auka behov.

I løpet av 2021 skal Avdeling for rusmedisin gjennomføre ei omorganisering av tilbodet innan døgnbehandling, for å kunne gi eit tilbod som er i tråd med pasientane sine behov, og av det omfang og med den kompetanse som er nødvendig. 

Gjennom omorganiseringa har vi eit mål om å i større grad kunne samle døgntilboda våre slik at det blir endå sterkare fagmiljø, betre behandling og mindre slitasje på dei medarbeidarane som må bevege seg mellom lokasjonar.
Vi er derfor glade for at Helse Bergen i januar 2021 kjøpte Håkonsgaten 1 (Engen-bygget) frå Bergen kommune og har stilt deler av det til disposisjon for Avdeling for rusmedisin. Vi set pris på at det framleis skal vere eit helsetilbod i bygget.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe av medarbeidarar, leiarar, hovudverneombod og tillitsvalde, med representantar frå Ruspanelet og Erfaringspanelet, har utarbeidd ein rapport der dei  anbefaler å samle  avrusingstilbodet og stabiliseringstilbodet i Avdeling for rusmedisin i Engen- bygget. Denne rapporten skal på høyring i februar og bli gjort vedtak på i mars.

Det vil vere helsepersonell til stades i Engen-bygget døgnet rundt, og vi vil også sjå på moglegheitene for å ha vektar til stades i resepsjonen deler av døgnet.


Vi har eit mål om å ta bygget i bruk rundt årsskiftet 2021/202. Vi er opptatt av å ha eit godt samarbeid med naboane i området, og vil i god før innflytting kome med meir informasjon til dei som bur og arbeider i nabolaget. Det vil både bli sendt ut skriftleg informasjon og det vil bli invitert til informasjonsmøter.

Om du har spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med oss på
afr@helse-bergen.no

Merk e-posten med «Døgnbehandling».
Fann du det du leita etter?