Bergensklinikken blir ein del av Helse Bergen

1. desember blir Bergensklinikken og KoRus Vest ein del av Helse Bergen.

Administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen og Administrerande direktør Ole Hope i Bergensklinikken.

Administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen og Administrerande direktør Ole Hope i Bergensklinikken.

Hovudmålet med verksemdsoverdraginga er å sikre tilbodet til ei sårbar pasientgruppe, ta vare på eit fagmiljø som er bygd opp over lang tid og å ta vare på dei tilsette.

Bergensklinikken sine einingar Dr. Martens, Klokkarvik, Skuteviken og Kanalveien blir no ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, det same blir KoRus Vest.
Avdeling for rusmedisin

Her kan du lese meir om bakgrunnen for overtakinga 

Stiftinga Bergensklinikkene har i ei årrekkje hatt ein krevjande økonomisk situasjon. Tidleg i september konkluderte styret i stiftinga med at det ikkje er økonomisk grunnlag for vidare drift i eksisterande organisasjon. Å søke integrasjon i ei større organisatorisk eining vart vurdert som einaste løysing.

 

Kva betyr dette for deg som pasient i Bergensklinikken?


Bergensklinikken blir ein del av Helse Bergen frå 1. desember 2019. Frå og med denne datoen vil Helse Bergen si Avdeling for rusmedisin vere ansvarleg for vidare behandling av alle pasientar frå Bergensklinikken. Dette får i utgangspunktet ingen konsekvensar for deg som pasient. Dersom du har timeavtale eller avtale om innlegging ved Bergensklinikken, møter du på avtalt tid og stad.

Dersom du ikkje ønsker at vidare planlagt behandling skal skje i Helse Bergen etter 1. desember, må du ta kontakt med behandlaren din eller den seksjonen du får oppfølging frå.

Når Bergensklinikken blir ein del av Helse Bergen, blir også pasientjournalane overførte. Det er lovfesta krav til oppbevaring og lagring av journalar og Helse Bergen har forsvarlege system for å ivareta dette kravet.


Dersom du ikkje ønskjer at journalen din skal bli overført til Helse Bergen, kan du be om at journalen blir overført til ei anna bestemt verksemd for rusbehandling eller eit anna helseføretak.

Du må i så fall gi melding om dette til Bergensklinikken
på tlf. 55 90 86 00 innan 15. januar. Sjølve overføringa skjer etter dette.


Historiske journalar blir overførte til Helse Bergen og arkivert.
Tidlegare pasientar som ikkje ønskjer at journalen deira skal overførast til Helse Bergen, må også gi melding til Bergensklinikken på tlf. 50 90 86 00 innan 15. januar.


Dersom du har spørsmål rundt integrasjonen av Bergensklinikken i Helse Bergen, kan du ta kontakt  med Avdeling for rusmedisin på tlf. 55 97 01 00, kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.30.

Nyheit om overtakinga

Fann du det du leita etter?