HELSENORGE

Rus og psykiatri (Dobbeltdiagnose)

Det er svært vanleg at personar med ruslidingar (misbruk/skadeleg bruk og avhengigheit) samstundes har ei psykiske liding. Det er og vanleg at personar med psykiske lidingar òg har ei rusliding.

I  2011 blei "Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser" utgitt av Helsedirektoratet. Her er nokre sentrale anbefalingar i retningslina: 
  • Personar med akutte psykosar skal ha rett til behandling i psykisk helsevern, uavhengig av om lidinga er rusutløyst eller ikkje.
  • For å ivareta eit samanhengande tilbod skal den instansen som først kommer i kontakt med ein person med samtidig rusliding og psykisk liding sikre at personen blir følgd opp i forhold til begge lidingane og vurdere behovet for individuell plan.
  • Sjølv om ansvaret plasserast ein stad, vil andre instansar også ha eit ansvar. Det skal alltid etablerast forpliktande samarbeid.
  • Ueinigheit om ansvarsforhold må ikkje føre til at pasienten får eit dårlegare behandlingstilbod og blir skadelidande.  
Fann du det du leita etter?