Både Avdeling for rusmedisin ved Floenkollektivet og Stiftelsen Bergensklinikkene ved Hjellestadklinikken har eit dagbehandlingstilbod.
Ved Avdeling for rusmedisin har Floen poliklinikk og dagbehandling eit dagbehandlingstilbod til elevane i Fase 1 ved Floenkollektivet.
Etter avtale med Helse Vest oppretta Stiftelsen Bergensklinikkene i 2011 eit dagbehandlingstilbod ved Hjellestadklinikken.
Dagbehandlinga blir tilbydd fem dagar i veka (måndag- fredag) kl. 08.30 - 14.00.
Pasientane ved dagbehandlinga kan nytte seg av tilbodet dei dagane dei sjølve ønskjer og det kan enkelt kombinerast med andre aktivitetar som til dømes skule og arbeid.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.