Akuttposten ligg ved Bergen legevakt, men høyrer formelt til Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.
Les meir om AkuttpostenDet er 2-3 sjukepleiarar og éin lege til stades ved akuttposten heile døgnet.
Akuttposten har ansvar for akutt medisinsk undersøking og skal sikre akutt avrusing og kortare avgiftingsforløp for pasientar med eit rusproblem. Liggjetida er maksimalt 48 timar, men dei fleste pasientar vil bli utskrivne før det er gått 24 timar.
Stabiliseringsposten på Askøy har seks sengeplassar som kan tilby inntil tre vekers opphald for kartlegging, vurdering og vidare planlegging av behandling for pasientar som har hatt ein akutt episode.
Les meir om Stabiliseringsposten
Kontakt Akuttposten
Telefon 53 03 27 79
Observasjon og behandling blir gitt til rusa og samarbeidsvillige pasientar, som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølve, men som kan bli vekte.
Tilbodet kan også bli gitt til personar med samansette alvorlege rus- og sosialmedisinske lidingar.
I tillegg tek posten imot psykiatriske pasientar med lettare til moderat psykisk sjukdom utan utagering eller sjølvmordsfare.
Også pasientar med fysiske plager (somatiske pasientar) kan bli tatt imot for kortvarig behandling eller observasjon.
Kven blir innlagt?
Akuttposten tilbyr akutt medisinsk undersøking og skal sikre akutt avrusing og kortare avgiftingsforløp. Observasjon og behandling blir gitt til rusa og samarbeidsvillige pasientar, som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølve, men som kan bli vekte.
Tilbodet kan også bli gitt til personar med samansette alvorlege rus- og sosialmedisinske lidingar.
Ved akuttposten blir det gitt hjelp til pasientar med lettare til moderat psykisk sjukdom utan utagering eller sjølvmordsfare. Pasientane må vere i stand til å samarbeide sidan ein ikkje skal nytte tvang på posten.
Opphald ved akuttposten kan bli gitt til pasientar med fysiske plager med behov for undersøkingar, kortvarig behandling eller observasjon som vil kunne gi avklaring om grad av alvor av sjukdom eller skade. Posten blir brukt av pasientar med tilstandar der alvorleg sjukdom eller akutt forverring er lite sannsynleg.
Kven avgjer innlegging?
Akuttposten er eit tilbod til pasientar i opptaksområdet til Helse Bergen HF. Alle pasientar skal leggast inn via allmennlegevakten eller medisinsk avdeling ved Bergen legevakt. Legen på posten bestemmer om pasienten er eigna og kan bli tatt imot.
For andre kommunar enn Bergen er det ønskjeleg at lokal legevaktslege ringjer lege på akuttposten for å drøfte om pasienten kan vere eigna for innlegging ved akuttposten. Sjølv om legen på akuttposten meiner at pasienten kan eigne seg for innlegging, skal pasienten leggjast inn via allmennlegevakten eller medisinsk avdeling på Bergen legevakt.
Avrusing ved Skutevikenklinikken
I den akutte behandlingskjeda inngår også akutte avrusingsplassar på Skutevikenklinikken ved Stiftelsen Bergensklinikken.
Psykiatrisk akuttmottak og somatisk akuttmottak
Mange pasientar med rusproblem blir også innlagde i psykiatrisk akuttmottak eller somatisk akuttmottak når det oppstår akutte psykiske eller fysiske helseproblem i tillegg.