Team vaksne

Team vaksne er eit poliklinisk utgreiings- og behandlingstilbod til vaksne med rusproblem.  

3 ansatte står i gangen
 

​Teamkoordinator

Øyvind Kalsås, 55 97 01 00

Tilbod ved Team vaksne

  • Samtalar med pasienten åleine, eller saman med partnar, familie/føresette eller andre dersom pasienten ønskjer det. 
  • Psykologisk, medisinsk og/eller sosialfagleg behandling over lengre eller kortare tid. 
  • Utgreiing og diagnostisering av rus- og psykiske lidingar. 
  • Vurdering av behov for, og tilvising til, supplerande dag/døgn-tiltak innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB, Rushelsetenesta) eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar. 
  • Samarbeid med dag/døgntiltak i TSB eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar mens pasienten er innlagd. 
  • Utstrekt samarbeid med ulike kommunale instansar. 
  • Deltaking i ansvarsgruppe. 
  • Hjelp til etablering av Individuell Plan. 
  • Råd, rettleiing og informasjon om andre behandlingstilbod, støttegrupper, arbeids- og aktivitetstilbod. 
  • Tilbod om samtale med pårørande, anten som del av pasienten sitt behandlingstilbod eller som eige poliklinisk behandlingstilbod for pårørande med Rett til helsehjelp i TSB. 
  • Informasjon om andre tilbod til pårørande. 
  • Rådgiving og rettleiing til andre instansar som arbeider med pasienten, både i kommunen og i andre delar av spesialisthelsetenesta. 
  • Undervisningsoppdrag til samarbeidspartnarar. 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.