Psykiatriske ungdomsteam: PUT 1 og PUT 2

Psykiatriske ungdomsteam (PUT) er eit poliklinisk utgreiings- og behandlingstilbod til ungdom og unge vaksne mellom 15 og 30 år med rusvanskar. Vårt tilbod til ungdom er gratis.

put2
PUT 2
Ungdom som kjem til behandling hos oss har oftast samansette problem og bruk for ulike behandlingstilnærmingar og hjelpetiltak. I pasientgruppa er alle former for rusmiddelbruk, omfang og alvorlegheit representert, oftast i kombinasjon med ulike typar og alvorlegheitgrad av andre psykiske lidingar.

Vi har i dag to psykiatriske ungdomsteam: PUT 1 og PUT 2
3 ansatte på PUT 1
PUT 1

Kontakt oss

Telefon: 55 97 01 00
Adresse: Østre Murallmenningen 7


 

Tilbod ved PUT 

  • Samtalar med ungdommen åleine, eller saman med partnar, familien/føresette eller andre dersom ungdommen ønskjer det. 
  • Psykologisk, medisinsk og/eller sosialfagleg behandling over lengre eller kortare tid. 
  • Utgreiing og diagnostisering av rus- og psykiske lidingar. 
  • Vurdering av behov for, og tilvising til, supplerande dag/døgn-tiltak innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB, Rushelsetenesta) eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar. 
  • Samarbeid med dag/døgntiltak i TSB eller innan Psykisk helsevern og/eller somatiske einingar mens ungdommen er innlagd. 
  • Utstrekt samarbeid med ulike kommunale instansar. 
  • Deltaking i ansvarsgruppe for ungdommen. 
  • Hjelp til etablering av Individuell Plan. 
  • Råd, rettleiing og informasjon om andre behandlingstilbod, støttegrupper, skule-, arbeids- og aktivitetstilbod. 
  • Tilbod om samtale med pårørande, anten som del av ungdommen sitt behandlingstilbod eller som eige poliklinisk behandlingstilbod for pårørande med Rett til helsehjelp i TSB. 
  • Informasjon om andre tilbod til pårørande. 
  • Rådgiving og rettleiing til andre instansar som arbeider med ungdom, både i kommunen og i andre delar av spesialisthelsetenesta. 
  • Undervisningsoppdrag til samarbeidspartnarar. 


Terapeutisk tilbod

Misbruk av rusmiddel vil kunne forstyrre utvikling og progresjon frå tidlege ungdomsår med negative konsekvensar for fleire livsområde. Rusmisbruk vil også kunne både forsterke og kamuflere andre vanskar. Det er difor nødvendig at poliklinikken har god kompetanse knytt til utgreiing, psykoterapeutisk behandling, medisinsk behandling og god kjennskap til motivasjons- og endringsprosessar hos ungdom. 

Tverrfagleg samarbeid og samhandling

Poliklinikken har tverrfagleg samansetning og kultur for samarbeid med tilbod i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta. PUT har ei fleksibel tilnærming til behandling. Vi tilbyr behandling og oppfølging av ungdom, oftast i eit langsiktig perspektiv, kor ein langsgåande behandlingsrelasjon vert oppretthalden gjennom periodar med institusjonsopphald for ungdom som treng dette. 

Teamkoordinatorar

PUT 1 Benedicte Yoo Mee Ra Bolann

PUT 2 Regine Frisch

Begge kan kontaktast på tlf. 55 97 01 00

Vårt opptaksområde

Bergen kommune (bydelar):

  • Bergenhus 
  • Fyllingsdalen 
  • Årstad 
  • Åsane  
  • Arna 

Andre kommunar: 

  • Askøy 
  • Fjell 
  • Sund 
  • Øygarden 
  • Voss 
  • Vaksdal 
  • Granvin 
  • Ulvik 
  • Kvam 
  • Lindås 
  • Meland 
  • Austrheim 
  • Fedje 
  • Osterøy 
  • Masfjorden 
  • Modalen 

Opptaksområde for PUT, Stiftelsen Bergensklinikkene

Bergen kommune (bydelar): 

  • Laksevåg 
  • Loddefjord 
  • Fana 
  • Ytrebygda 

Andre kommunar: 

  • Os 
  • Fusa  
  • og kommunane i Sunnhordland 

Våre samarbeidspartnarar

  • Primærhelsetenesta 
  • Kommunal legevakt / Bergen Legevakt: Akuttposten og HSA-teamet 
  • Helsestasjon for ungdom 
  • Rusfri start på livet (RSPL) v/ Solheimsviken helsestasjon 
  • Utekontakten 
  • Barnevernstenesta 
  • Ulike støttetilbod, i tillegg til døgninstitusjonar i regi av Barnevernet 
  • Familievernkontor og andre familieretta tilbod i regi av kommunen 
  • NAV 
  • Sosial-, bustad-, aktivitets-, og arbeidsretta tiltak i regi av NAV 
  • OT/PPT og vidaregåande skular 
  • SPH- Studentenes psykiske helseteneste 
  • Kriminalomsorgen i Hordaland 
  • Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) 
  • Distriktspsykiatriske senter (DPS) 
  • Barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) 
  • Psykiatriske og somatiske sjukehusavdelingar 
  • Polikliniske-, dag-, og døgninstitusjonar innan TSB 
  • ..og andre om det er aktuelt for den enkelte ungdommen

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.