Erfaringskonsulentane

Erfaringskonsulentane i Avdeling for rusmedisin skal styrke brukarane sin innverknad på behandlinga. Dei skal også rettleie, støtte, gi håp og vise at behandling nyttar.

Gruppebilde erfaringskonsulenter. Foto
 

Dei fire erfaringskonsulentane går under namnet Drop out-teamet.
Dei skal både vere tilgjengelege for brukarar som ikkje er under behandling, og dei skal vere støttespelarar for pasientar under behandling hos Avdeling for rusmedisin eller andre kommunale og private rusinstitusjonar.  Internasjonal forsking viser at i kriser og valsituasjonar kan spesielt erfaringskonsulentar ha ei avgjerande hjelparrolle. Dei, som sjølve har vore i liknande situasjonar, kan lettare rettleie, gi håp og vise at behandling nyttar.


Pasientane og brukarane si helse- og omsorgsteneste

Regjeringa har som mål å skape pasientane og brukarane si helse- og omsorgsteneste. Det vil seie ei betre og tryggare helse- og omsorgsteneste der pasientane og brukarane står i sentrum.

Dette blir følgt opp med «Opptrappingsplanen for rusfeltet» (2016-2020), som inneheld ei rekke tiltak for å styrke brukarane sin innverknad, møte dei pårørande sine behov og skape ei teneste der hjelpa kjem inn tidleg og er prega av lett tilgjengelegheit, heilskap og kvalitet.

Brukarar og pårørande sine opplevingar av kva som er gode tenester blir vektlagt i større grad enn tidlegare. Det blir også påpeikt korleis mangelen på systematisk innhenting og utnytting av brukarerfaringar synleggjer behovet for å styrke brukarane si rolle både på system- og individnivå i utviklinga av tenestene og innhaldet i desse.​
Erfaringskonsulentane er eit viktig bidrag i arbeidet med å setje pasientane og brukarane i sentrum.


Samarbeidsprosjekt

Erfaringskonsulentane er eit samarbeidsprosjekt mellom Avdeling for rusmedisin og Albatrossen ettervernsenter. Med samarbeidet ønskjer dei å gi pasientar, brukarar og pårørande reell innverknad på utforming av tenestene, og å styrke kontinuiteten i rusbehandlinga. Vidare ønskjer partane å identifisere og utvikle metodar og system for å styrke samarbeid og kontinuitet på tvers av nivå og system i eit pasientforløp.

Ved å utnytte eksisterande kompetanse innanfor Tverrfagleg spesialisert rusbehandling ved Avdeling for rusmedisin og Albatrossen Ettervernsenter som privat ideell stifting,  ser Avdeling for rusmedisin moglegheita for å skape noko nytt for rusfeltet i Bergensområdet.

Samarbeidet mellom desse organisasjonane er vel etablert og forankra gjennom samarbeid over fleire år om etablering og utvikling av Jobb først og samarbeid om eit høgterskel- tilbod for ruspasientar som er i LAR- behandling.
 

Organisering

I tillegg til dei fire erfaringskonsulentane har Drop out-teamet ein teamkoordinator med rettleiarfunksjon. Teamkoordinatoren har sjølv erfaring frå å ha vore i rusbehandling i Floenkollektivet. Ho har vore tilsett i avdeling for rusmedisin i 21 år etter dette, og har lang klinisk erfaring frå arbeid med brukarar og med familie- og pårørande.  

Gruppebilde erfaringskonsulenter og prosjektledere. Foto

Avdeling for rusmedisin har også ein eigen prosjektleiar som vil ivareta meir organisatoriske  problemstillingar for Drop out-teamet.

For at erfaringskonsulentane i Drop out-teamet skal kunne vere ein reell ny pådrivar og bidra til utvikling, er det viktig med fleire erfaringskonsulentar. I fellesskap kan desse møte utfordringar, og ikkje vere ei einsam stemme.

Kontakt

Anne Djønne Eriksen
Telefon 40 07 55 31

Rami Knudsen
Telefon 47 15 38 12

Frode Bodin

Arild Sellevåg (frå 1. mai)