Pasientar som kjem til behandling hos oss har oftast samansette problem og bruk for ulike behandlingstilnærmingar og hjelpetiltak. I pasientgruppa er alle former for rusmiddelbruk, omfang og alvorlegheit representert, oftast i kombinasjon med ulike typar og alvorlegheitgrad av andre psykiske lidingar.
Tilbod ved poliklinikken
Terapeutisk tilbod
Misbruk av rusmiddel vil kunne forstyrre utvikling og progresjon frå tidlege ungdomsår med negative konsekvensar for fleire livsområde. Rusmisbruk vil også kunne både forsterke og kamuflere andre vanskar. Poliklinikken har derfor god kompetanse knytt til utgreiing, psykoterapeutisk behandling, medisinsk behandling og motivasjons- og endringsprosessar hos pasientar.
Tverrfagleg samarbeid og samhandling
Poliklinikken har tverrfagleg samansetning og kultur for samarbeid med tilbod i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta. Poliklinikken har ei fleksibel tilnærming til behandling. Vi tilbyr behandling og oppfølging av pasientar, om nødvendig i eit langsiktig perspektiv, kor ein langsgåande behandlingsrelasjon vert oppretthalden gjennom periodar med institusjonsopphald for pasientar som treng dette.
Leiing
Seksjonsleiar Svanhild Mellingen
Ass. seksjonsleiar Anja Therese Bakke
Teamkoordinatorar:
Benedicte Yoo Mee Ra Bolann
Regine Frisch
Tonny Wulff
Øyvind Kalsås
Monica Eriksen (Vurderingsteamet)
Alle kan kontaktast på tlf. 55 97 01 00
Opptaksområde
Tilviste pasientar over 30 år blir fordelt mellom AFR poliklinikk og Bergensklinikken.
Opptaksområde for pasientar under 30 år til AFR poliklinikk:
Bergen kommune (bydelar):
- Bergenhus
- Fyllingsdalen
- Årstad
- Åsane
- Arna
Andre kommunar:
- Askøy
- Fjell
- Sund
- Øygarden
- Voss
- Vaksdal
- Granvin
- Ulvik
- Kvam
- Lindås
- Meland
- Austrheim
- Fedje
- Osterøy
- Masfjorden
- Modalen
Opptaksområde for PUT, Stiftelsen Bergensklinikkene
Bergen kommune (bydelar):
- Laksevåg
- Loddefjord
- Fana
- Ytrebygda
Andre kommunar:
- Os
- Fusa
- og kommunane i Sunnhordland
Våre samarbeidspartnarar
- Primærhelsetenesta
- Kommunal legevakt / Bergen Legevakt: Akuttposten og HSA-teamet
- Helsestasjon for ungdom
- Rusfri start på livet (RSPL) v/ Solheimsviken helsestasjon
- Utekontakten
- Barnevernstenesta
- Ulike støttetilbod, i tillegg til døgninstitusjonar i regi av Barnevernet
- Familievernkontor og andre familieretta tilbod i regi av kommunen
- NAV
- Sosial-, bustad-, aktivitets-, og arbeidsretta tiltak i regi av NAV
- OT/PPT og vidaregåande skular
- SPH- Studentenes psykiske helseteneste
- Kriminalomsorgen i Hordaland
- Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND)
- Distriktspsykiatriske senter (DPS)
- Barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP)
- Psykiatriske og somatiske sjukehusavdelingar
- Polikliniske-, dag-, og døgninstitusjonar innan TSB
- ..og andre om det er aktuelt for den enkelte pasient