Ambulant team

Ambulant team er eit tilbod til ruspasientar med utfordringar som gjer at dei ikkje klarer å tilpasse seg det ordinære behandlingssystemet.

5 ansatte ute på taket
 

Teamet har to hovudmålgrupper:

  1. Pasientar som er planlagt utskrive frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM) eller Akuttposten, og som ikkje har etablert tilstrekkeleg og nødvendig oppfølging etterpå.
  2. Pasientar som alt er i LAR og som er tilknytt ein LAR - poliklinikk, men som på grunn av alvorleg åtferdsproblematikk og / eller alvorlege psykiske lidingar ikkje kan følgjast opp i dei ordinære LAR - poliklinikkane.
     
Per november 2016 har Ambulant team fire årsverk fordelt på seks personar. Medarbeidarane kjem frå LAR poliklinikk og Floen poliklinikk, og er handplukka på bakgrunn av både lang erfaring og kompetanse. Her er både lege, psykologspesialist, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom.
Tverrfaglegheita i teamet er ein styrke, ikkje minst på grunn av samansettinga av pasientar. Teamet jobbar alltid to og to.
Teamet er organisert i Seksjon LAR.

 

Målet er at Ambulant team skal vere eit mellombels tilbod til pasientane.
Om ikkje pasientane er i stand til å kome til Avdeling for rusmedisin for kartlegging, tar temaet med  psykolog eller overlege ut til pasientane.
Hovudfokus for teamet er alltid kva som vil vere det beste for pasienten. Skal han inn igjen i behandling, bli stabilisert på medisinar, eller anna.

Kven kan tilvise til Ambulant team?

Alle seksjonar i Avdeling for rusmedisin kan tilvise. Også Psykiatrisk akuttmottak (PAM) kan tilvise til Ambulant team. Målsettinga er at ein ved utbygging av teamet skal kunne tilby tenesta også til pasientar ved Akuttposten og somatiske sengepostar ved Haukeland universitetssjukehus.

Kontaktinformasjon

Telefon 90 28 73 01

Teamleiar Gry Irmelin Dale: 92 02 31 84

Adresse: Østre Murallmenningen 7