Rusmedisin (AFR) Poliklinikk
Poliklinisk behandling er den vanlegaste behandlingsforma innan rus- og avhengigheitsbehandling. Dersom innlegging er rett og nødvendig, vil dette alltid bli vurdert som ein del av pasientforløpet.
Det polikliniske behandlingstilbodet består av samtalar med behandlarar på poliklinikken, både individuelle samtalar og samtalar saman med nære andre, til dømes familiemedlemmer eller partner. Behandlinga inneheld ofte samarbeid med andre instansar i hjelpeapparatet, som til dømes NAV og fastlege.
Vi har også tilbod om behandling i gruppe, musikkterapi og individuell jobbstøtte.
I tillegg har vi tilbod om «Jobb først» for pasientar i rusbehandling som ønskjer seg ut i ordinært, lønna arbeid. Tilbodet integrerer arbeidsretta oppfølging i rusbehandlinga, etter modell av Individuell jobbstøtte (IPS).
Avdeling for rusmedisin sin faglege praksis er at alle behandlingsløp skal forankrast poliklinisk. Dette betyr at poliklinikken samarbeider tett med døgnbaserte tenester, og vi arbeider for kontinuitet i behandlinga mellom poliklinikk og innlegging.
AFR poliklinikk har tilbod for pasientar yngre og eldre enn 18 år.