Revmatologisk sengepost

Revmatologisk sengepost behandlar pasientar som treng å vere innlagt på grunn av dårlig funksjon eller alvorleg sjukdom. Her foregår lengre medisinsk utgreiing, behandling eller rehabilitering av dei sjukaste pasientane.

Les meir om Revmatologisk sengepost

Revmatologisk sengepost

Sengeposten har 13 senger. Vi har 1-3 senger på kvart rom med toalett og bad på gangen.
I tillegg til legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og postsekretær er det tverrfaglige teamet i avdelinga samansett av ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom og farmasøyt. I tillegg har vi nært samarbeid med revmakirurgar og ernæringsfysiolog.
Ved innlegging får du ein pasientansvarleg lege og sjukepleiar. Desse har ansvar for behandling og pleie, og følgjer deg opp under heile opphaldet. Andre legar og sjukepleiarar vil også delta i behandling og pleie, men vi prøve å sikre mest mogleg kontinuitet.
I jula, påska og sommarferien er vi slått samen med Hudavdelinga sin sengepost.

Informasjon til deg som skal innleggas på Revmatologisk sengepost:

  • Når du kjem til avdelinga blir du motteken av sjukepleiar, hjelpepleiar og lege
  • Undersøkingar kan vere bestilt på førehand og starte same dag
  • Legevisitt kjem måndag og torsdag mellom 09.30 og 10.00 og elles ved behov
  • Lengda på opphaldet varierer, gjennomsnittleg er det 5 dagar
  • Du får 4 måltid dagleg. Frukost kl. 08.00-09.00, lunsj kl. 12.00-13.00, middag 16.00-17.00 og kvelds 19.00-20.00.



Til innleggelse i Revmatologisk sengepost må du ta med deg:

  • Liste over alle medisinar som du brukar
  • Oversikt over undersøkingar du evt har gjennomgått andre plassar (t.d. røntgen)
  • Namn på fastlege
  • Minst mogeleg verdisaker, Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar
  • Toalettsaker, tøy osv.


Skal du til rehabilitering må du også ta med deg treningstøy og badetøy.

Besøkstider: Vi har ingen faste besøkstider
Seksjonsleiar: Sjukepleiar Hege Rinke

Kontakt

Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg
Telefon
55 97 54 02

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Ventetider ved Revmatologisk avdeling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykeh usvalg.no.