Praktisk informasjon ved Revmatologisk avdeling

Her har vi samla ein del nyttig informasjon til deg som skal behandlast hos oss.

​Tilvising

For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege.  Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 30 virkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost eller sengepost. 

Ventetid

Ventetida varierer etter kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient. Nokre pasientar kjem til på dagen, andre får time etter eit halvt år.

Viss sjukdommen blir verre i ventetida er det viktig å kontakte fastlege/tilvisande lege. Fastlege/tilvisande lege må då sende supplerande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endras. 

Førebuingar

Er du ny hos oss ber vi om at du tar med en morgonurinprøve til undersøkinga. Vi ber deg også ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege, og vi ber om at du opplyser om kven som er din fastlege når du møter til undersøking/behandling hos oss.  

Dersom du har frikort ber vi deg om å vise viss du er satt opp til poliklinisk undersøking/behandling. 

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering (på sengepost, dagpost eller poliklinikk) må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Transport

Vi anbefaler å bruke offentleg transport til og frå undersøking/behandling. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmiddel må det godkjennas av behandlar om du eventuelt skal få drosje (samkøyring). 

For meir informasjon om pasientreiser, sjå http://www.pasientreiser.no/​ eller ring 05515. Dersom du vel å køyre sjølv og ynskjer å parkere på sjukehusområdet ber vi deg om å berekne rikeleg med tid då det kan være vanskeleg å finne ledige parkeringsplassar.

Betaling

Du betaler ingen ting når du er innlagt på dagpost eller sengepost ved avdelinga. For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel.  For tida er satsen 320 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigenandelstaket. Dersom du har frikort må du vise dette. 

I tillegg til eigenandelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigenandelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot kontantar, men du kan betale med kort eller fårekning med deg når undersøkinga/behandlinga er ferdig.

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta med 640 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Diverse informasjon ved innlegging i avdelinga

Det er tillate å bruke eigen mobiltelefon under opphaldet, men vi ber om at ein tar omsyn til andre pasientar ein deler rom med. Viss du ønskjer kan du ta med eigen berbar pc eller nettbrett som du kan kople til vårt gjestenett.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering (på sengepost, dagpost eller poliklinikk) må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Det er høve til å ta med seg pårørande til utskrivingssamtale.

Visittid

Det er ingen fast visittid, dette må avtalast mellom pasient og besøkande.

Gratis trådlaust internett 

For pasientar, pårørande og besøkande har vi gratis trådlaust internett. Koble deg til nettverket som heiter gjest.ihelse.net og følg instruksjonane