Pasientopplæring

Revmatologisk avdeling arrangerer fleire pasientkurs. Kurs om leddgikt (RA-kurs), lupus, Bekhterev, psoriasisleddgikt, urinsyregikt, beinskjørhet og Sjøgren. Måla med kursa er å betre føresetnadene for å leve med sjukdom i kvardagen. Kursa er lagt opp som undervisning og erfaringsutveksling.
Kursa er tverrfaglege polikliniske undervisningstilbod over to dagar for pasientar som har fått dei nemnde diagnosane.

foreleser foran elever.foto
 

Kursa blir arrangert på Lærings- og mestringssenteret.

Pasienten blir belasta med ein egenadel per kurs.

Påmelding​

For å delta på pasientkursa må ein vere tilvist frå lege, og ha diagnosen frå spesialist i revmatologi.

Pårørande er velkomne til å delta på kurs saman med pasienten. Det er gratis for pårørande, men ein må bestille plass via Revmatologisk avdeling.
Har du spørsmål om pasientkursa våre, er du velkommen til å ringe avdelinga på telefonnummer 55 97 54 00. Kontakt Jane Trengereid eller Liv-Marit Mellingen.  ​

Leddgiktskurs

På leddgiktskurs får pasienten kjennskap om sin sjukdom for å betre meistre utfordringar i det daglege livet, og dermed også betre sin livskvalitet. Kurset blir arrangert i grupper med 10-15 deltakarar.

Kurset inneheld tverrfagleg undervisning om sjukdommen, behandling, forebygging osv. Lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, brukarrepresentant, sosionom, farmasøyt og klinisk ernæringsfysiolog vil stå for undervisinga.
Ein lærer kva ein sjølv kan gjere for å hindre stive ledd og muskelsvekking.

Lupuskurs

På lupuskurs møter du andre i same situasjon samt fagpersonar. Kurset blir arrangert i grupper med 10-15 personar og er basert på erfaringsutveksling og tverrfagleg undervising. Lege underviser om sjukdomslære, og klinisk ernæringsfysiolog om kosthold. Sosionom informerer om rettar og moglegheiter.

Fysioterapeut viser øvingar i tillegg til å gi innføring i basal kroppskjennskap. Ergoterapeut underviser om energiøkonomisering, og  farmasøyt om legemiddel og bruken av desse.  Sjukepleiar og brukerrepresentant held innlegg om utfordringar i kvardagen og «å leva eit friskare liv».

Bekhterevkurs

Kurset skal gje kjennskap til pasientens sjukdom, sette ein i stand til å meistre dagleglivet sine utfordringar og å betre livskvaliteten. Lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, farmasøyt, sosionom og brukerrepresentant står for den tverrfaglege undervisinga.

Pasienten lærar kva ein sjølv kan gjere for å hindre stive ledd, stiv rygg og muskelsvekking. Ein får informasjon om behandling, forebygging osv. Det blir lagt vekt på opplæring i eigentrening og innlæring av øvingar som lindrar plager og førebyggjer seinfølgjer. 

Psoriasisleddgiktkurs

Pasienten får kjennskap om sin sjukdom for å betre meistre utfordringar i det daglege livet, og dermed også betre sin livskvalitet. Kurset blir arrangert i grupper med 10-15 deltakarar.

Ein lærar kva ein sjølv kan gjere for å hindre stive ledd og muskelsvekking. Ein lærer å ta i bruk ergonomiske prinsipp ved daglege gjeremål og får undervisning om kosthold, hudpleie, fysioterapi, ergoterapi, osv.

Sjøgrenkurs

Målet er å gi deltakarane auka innsikt i sjukdomsutviklinga og kva ein kan gjere for å redusere dei ulike plagene sjukdommen gir. På kurset får du informasjon om ulike medikament. Lege, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, brukarrepresentant, sjukepleiar og tannlege underviser om kva som er aktuelt for sjukdommen.

Osteoporosekurs

På dette kurset får ein informasjon om sjukdommen, kosthaldsråd og ein lærer kva ein sjølv kan gjere for å forebyggje brot. Ein møter andre i same situasjon samt fagpersonar og det legges vekt på kva ein kan gjere for å leve normalt med sjukdommen.

Urinsyregiktkurs

På urinsyregiktkurset leggas det vekt på kosthold og ikkje minst livsstil (for å førebygge anfall). Det er viktig med god informasjon slik at deltakerne får økt forståing og dermed klarer å mestre bedre det uforutsigbare ved sykdommen. Det leggas  vekt på openheit for spørsmål og dialog i gruppene. Lege, sjukepleiar, fysioterapeut, sosionom og klinisk ernæringsfysiolog vil stå for undervisinga.

Medikamentinformasjon

Mange ulike medikament blir nytta mot revmatiske sjukdommar. Felles for dei fleste er at dei dempar delar av immunsystemet for at betennelsen skal falle til ro.

Informasjon om legemiddel - Norsk revmatologisk forening


Meir informasjon

Norsk Revmatologisk foreningNorsk RevmatikerforbundLikemannsarbeid i Norsk revmatikerforundNRRK (Nasjonalt revmatologsik rehabiliterings- og kompetansesenter)