Biologiske legemiddel og revmatiske sjukdommar

Biologiske legemiddel blir brukt blant anna mot revmatiske sjukdommar og i denne samanheng verkar dei som sjukdomsmodifiserande antirevmatiske legemiddel.

 

Verknad / eigenskap​ar

Biologiske legemidler motverka​r betennelses- og immunprosessane. Aktiviteten i den revmatiske sjukdommen blir dempa slik at sjukdommen blir fred​​elegare, og mange vil føle seg mindre utmatta / trøytte. Biologiske legemiddel er framst​ilte frå biologisk materiale. Dette til forskjell frå vanlege, syntetisk framstilte legemiddel.

Uønska verknadar som kan oppstå

Luftvegsinfeksjonar som biholebetennelse​​ og lungebetennelse kan oppstå hyppigare enn ellers. Det same gjeld urinvegsinfeksjonar. Om du har diabetes (sukker​sjuke) eller i utgangspunktet har eit nedsatt immunforsvar kan du lettare få ulike infeksjonar.

Kontakt legen om du får ein infeksjon. Teikn på infeksjon kan vere feber, vedvarande hoste, vond hals, slappheit / trøytt​​leik, svie / sterk lukt ved vannlating.

Dersom den dempa effekten på immunsystemet blir for sterk, kan produksjonen av mellom anna kvite blodlekam​​ar og andre celler frå beinmarg​​en bli lågare. Det kan føre med seg sår i munnen, og auka risiko for infeksjonar. Dette er imidlertid meget sjeldan ved dei do​sar som blir brukt til vanleg. Blodprøvekontrollar vil påvise om den dempa effekten på immunsystemet blir for sterk.

Biologiske legemiddel kan enno betrak​tast som ei relativt ny legemiddelgruppe, og biverknadar ved lengre tids bruk er ikkje kartlagt. Ein kan derfor ikkje utelukke at behandling med denne legemiddelgruppa kan påverke utviklinga av kreftsjukdommar.

Forsiktigheitsreglar

Andre samtidige sjukdommar:

Ved infeksjon

Dersom du får ein infeksjon bør du unngå å bruke biologiske legemiddel. Lege må kontaktast for nærare vurdering med omsyn til infeksjonsbehandling og kor lenge du må ha pause frå legemiddelet​. Om du har vore smitta med eller har hatt tuberkulose, vil legen vurdere om du må ha førebyggjande behandling mot tuberkulose slik at han ikkje blussar opp igjen under behandling. Det er derfor viktig at du gir legen opplysningar om slik tidlegare smitte. Informér også legen om du har / har hatt hepatitt B.

Ved hjartesvikt

Nokre biologiske legemiddel skal ikkje brukast dersom du har moderat eller alvorleg hjartesvikt.

Ved kreftsjukdom

Dei fleste biologiske legemiddel skal ikkje brukast dersom du har ein kreftsjukdom, og bare etter nøye vurdering dersom du tidlegare har hatt ein kreftsjukdom.

Operasjon

Om ein operasjon er planlagt, må lege vurdere kor lang pause du bør ha frå legemiddelet, både før og etter operasjonen.

Vaksinar

Snakk med legen din. Det anbefalast at ein unngår levande-baserte vaksinar. Influensavaksine og pneumokokkvaksine er ikkje levande-basert og kan brukast.

Graviditet / amming

Ein veit enno ikkje om biologiske legemiddel er trygge å bruke under svangerskap av omsyn til fosteret. Dersom ein blir gravid mens ein bruker eit biologisk legemiddel, må ein kontakte revmatolog for å diskutere vidare behandling. Om ein planlegg​​ å bli gravid, må ein diskutere vidare medikamentell behandling med behandlande revmatolog i god tid.

Det er ulik dokumentasjon for dei ulike biologiske legemidla med omsyn til påverknad på sædceller. Menn som planlegg å bli fedrar, må diskutere sin bruk av biologiske legemiddel med behandlande revmatolog.

Gode råd

Kontrollar

Følg opp dei avtalte blodprøvekontrollar som legen tilviser. Vêr merksam på at det som regel ikkje sendast eigen innkalling til blodprøvekontrollane, slik at du sjølv er ansvarleg for å møte opp.

Ved alle legebesøk / apotekbesøk / sjukehusinnleggingar (uansett årsak) bør du oppgi​​ kva for legemiddel og naturmiddel du bruker regelmessig​, og kva du bruker av og til. Ha alltid med ein oppdatert medisinliste. Då kan det vurderast om dei ulike legemidla og naturmidla passar saman (interaksjonar).​​