Døgnavdeling

Døgnopphold vert nytta når det er behov for observasjon og tettare samarbeid med pasientene enn det ein kan få til gjennom ambulant eller poliklinisk oppfølging.

Dei fleste innleggingane kjem i stand etter ein periode med ambulant oppfølging, ofte etter tilråding frå fagkonsulentar frå Ambulant team. For mange er målsettinga med opphaldet å få klarlagt diagnosar som kan være årsak til at ein kan ha vanskar med å klare dei krava ein møter i samfunnet. For andre kan det være observasjon og utgreiing av samansatt problematikk. 

Individuell tilrettelegging

Kvar innlegging vert tilrettelagt individuelt ut frå den enkelte sine behov og kva som er målsettinga med innlegginga. Vi har tett samarbeid med pasient og kommunale samarbeidspartar om planlegging av innlegging, målsetting og plan for vidareføring i førstelinjetenesta (i kommunen).

Avdelinga er utforma med 2 einingar, ein til kvar pasient. I tillegg er det ulike fellesrom og personalrom. Vi legg vekt på å skape heimleg preg der pasientane kan ta med seg personlege ting som PC, ulike spel, musikk og film.  Den som er innlagt deltar i daglege gjeremål, som innkjøp, matlaging, klesvask og reingjering. Det er alltid personale til stades og deira oppgåver er mellom anna å gi tilpassa hjelp til den enkelte, gjere observasjonar og utprøvingar samt skrive rapportar som kan brukast for at pasienten skal få eit betre tilpassa oppfølgingstilbod i etterkant av opphaldet.

Pasient og personale lagar planar for dagane saman. I planane vekslar ein mellom tid for daglege gjeremål, undersøkingar og ulike aktivitetar ut frå pasienten sine ønskjer.  Det er lagt godt til rette for å drive med aktivitetar både ute og inne. 

Kompetanseoverføring og samarbeid med støttepersonar

Tilsette i Døgnavdelinga har også ei viktig oppgåve med å overføre erfaringar og kunnskap til pårørande og kommunale tenesteytarar. Denne overføringa vert mellom anna ivaretatt ved at kommunale tenesteytarar får tilbod om å hospitere og delta i miljøarbeidet i avdelinga. I tillegg vert det ofte arrangert eit arbeidsseminar for dei mest sentrale støttepersonane rundt den enkelte pasienten.

Erfaringar og tilrådingar etter opphald vert formidla skriftleg i ein rapport som blir gjennomgått på utskrivingsmøte. Dette er eit viktig forum for dei som har ansvar for planlegging av vidare tiltak og tenester i førstelinjetenesta.