Ambulant team

Det ambulante teamet gir oppfølging i pasientane sine heimkommunar, ofte i nært samarbeid med hjelpeapparatet i kommunane og pårørande. Teamet vekslar mellom ambulant oppfølging i 22 kommunar i Hordaland og poliklinisk arbeid i lokala på Breistein i Åsane. 

Teamet er tverrfagleg samansett frå følgjande profesjonar: Lege, psykolog, vernepleiar og ergoterapeut. 

Oppgåver:

  • Diagnostisering
  • Observasjon og kartlegging
  • Tilrådingar og rettleiing om tiltak
  • Kompetanseoverføring
  • Vurdering og rettleiing i samband med Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9 om bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemning.

Det ambulante teamet følgjer opp etter tilvisning frå lege. Det er som oftast nært samarbeid med kommunale tenesteytarar rundt pasientane. I mange høve vert det laga ein samarbeidsavtale for ein avgrensa oppfølgingsperiode.