Traumatisk hjerneskade - Rehabilitering

Fysikalsk medisin og rehabilitering har fire sengeplassar for tidleg rehabilitering etter traumatisk hjerneskade. Tilbodet er regionalt og pasientar frå Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane kan søkast hit. Vår behandling er basert på forskning, klinisk erfaring og brukarkunnskap.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Traumatisk hjerneskade er ein skade som følge av ytre traume mot hjernen. Ulike områder i hjernen har forskjellige oppgaver derfor er konsekvensane for den enkelte avhengig av skadens størrelse og kvar i hjernen skaden er.

Vårt behandlingstilbod tar utgangspunkt i heilskapleg, tverrfagleg og målstyrt rehabilitering.​

Tilbodet ved vår avdeling rettar seg mot pasientar med:

Opphaldets mål og innhald:

  • Rehabilitering etter traumatisk hjerneskade har som grunnleggende mål å gjenvinne kognitive og fysiske funksjonar best mulig. Målet er å auke pasientens sjølvstende i dagliglivet.
  • Tett tverrfagleg samarbeid i team beståande av, legespesialist​​, sjukepleiar, hjelpepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, nevropsykolog, logoped og sosionom.
  • Ein balansert dagsplan med aktivitet og kvile.  Guiding og stimulering i funksjonell aktivitet er ei viktig del av behandlinga
  • Tett oppfølging og samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med kommune og andre instansar som skal følge opp etter oppholdet hos oss

Kartlegging og behandling:

Opphaldet startar med ei tverrfagleg kartlegging slik at vi kan gi eit behandlingstilbod retta mot den enkeltes behov og mål. På grunnlag av kartlegginga blir behandlingstiltak iverksatt. Behandlingstiltaka har til hensikt å auke den enkelte sitt funksjonsnivå og sjølvstende. Kartlegging og behandling rettar seg mot:

  • Bevisstheitsnivå
  • Språk og kommunikasjon
  • Medisinske forhold
  • Motorisk funksjon
  • Kognitiv funksjon
  • Ernæring
  • Sosiale og miljømessige forhold
  • Emosjonelle reaksjonar