Slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade - sengepost 1

Sengeposten er ein del av spesialisthelsetjenesta i Helse Bergen og tek imot pasientar til rehabilitering etter hjerneslag og traumatisk hjerneskade.

Les meir om Slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade - sengepost 1

Slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade - sengepost 1

Pasientane vert oftast overført etter den akutte fasen. Det kan søkast om opphald i seinare fasar dersom det oppstår spesielle problemstillingar som ikkje kan løysast i kommunenen.

Dagopphold kan være aktuelt til dømes i overgangsfasen mellom døgntilbud og tilbud i heimkommune. I tillegg tilbyr avdelinga poliklinisk oppfølging etter døgnopphald.

Behandlingstilbodet tar utgangspunkt i heilskapeleg, tverrfagleg og målstyrt rehabilitering.

Tilbodet vert lagt opp etter den einskilde pasient sine behov. Behandlinga skjer i individuelle behandlingstimar men også som ein integrert del av dei daglege aktivitetane pasienten har.
Sengeposten nyttar ABC-konsepta i si tilnærming.

Sengeposten har 15 einerom med eige bad, TV og internett-tilkopling. Fire senger utgjer Helse Vest sitt regionale tilbod for tidleg rehabilitering av traumatisk hjerneskade.

Les meir

ABC-konsepta

Personale

Rehabilitering etter traumatisk hjerneskade

Rehabilitering etter hjerneslag

Kontakt

Oppmøtestad
Nordåsgrenda 4
5235 Nordås
Telefon
55918480 / 81
E-post

Buss og bane

​Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du kan også ta Bybane og buss frå Lagunen. Vil du spasere tar det ca 15 minutt å gå frå Lagunen  bybanestopp.

Parkering Nordås

​​Det er gratis parkering for pasientar og pårørande. Det er god plass.

Praktisk informasjon

Mobiltelefon

​​Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.

Røyking Nordås

​​Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.​

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Verdisaker

​​Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast​.