Nevrorehabilitering og traumatologi - sengepost 2

Tilbodet vårt er retta mot pasientar med nevrologisk sjukdom, indremedisinske lidingar og etter omfattande skader i bevegelsesapparatet.

Les meir om Nevrorehabilitering og traumatologi - sengepost 2

Nevrorehabilitering og traumatologi - sengepost 2

Arbeidsforma er tverrfagleg og teambasert. Ansatte med ulik fagbakgrunn arbeider saman med pasient og, om ynskjeleg, pårørande. Tilbodet vert lagt opp etter den einskildes behov.

Opphaldet startar med kartlegging og samtale med ulike yrkesgrupper. Deretter vil desse ha eit møte med pasienten der ein saman legg plan for opphaldet.

Behandling vert gitt som behandlingstimar, men og som ein del av dei vanlege aktivitetane dagen byr på.

Les meir om:

ABC-konseptet

Personale

Kontakt

Oppmøtestad
Nordåsgrenda 4
5235 Nordås
Telefon
55918426 / 27
Telefaks: 55918401
E-post

Buss og bane

​Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du kan også ta Bybane og buss frå Lagunen. Vil du spasere tar det ca 15 minutt å gå frå Lagunen  bybanestopp.

Parkering Nordås

​​Det er gratis parkering for pasientar og pårørande. Det er god plass.

Praktisk informasjon

Mobiltelefon

​​Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.

Røyking Nordås

​​Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.​

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Verdisaker

​​Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast​.