Skulderpoliklinikken - tilvising

Fastlege, manuell terapeut eller kiropraktor kan sende tilvising.

Tilvisinga bør innehalde:

  • Informasjon om når og korleis plagene oppsto
  • Beskrivelse av funksjon og deltaging i dagleglivets aktivitetar inkludert arbeid, og evt informasjon om sjukmelding
  • Gjennomført utgreiing eller behandling hos helsepersonell /behandlarar utanfor Helse Bergen
  • Informasjon om tilleggsundersøkelsar som til dømes MR, røntgen, blodprøver
  • Andre sjukdomar eller anna funksjonssvikt.

Elektronisk tilvising:

Avdelinga si elektroniske postkasse er å finne under "Helsehjelp knytta til somatisk sjukdom". 

Gjeld søknaden Raskare tilbake er det eiga postkasse for dette.

Tjenesta er basert på Norsk helsenett og det einskilde legekontor må ha slik tilkobling (www.nhn.no)

Tilvising kan også sendast til:

Haukeland universitetssjukehus
Fysikalsk medisin og rehabilitering
Postboks 1400
5021 Bergen