Skulderpoliklinikken

Skulderpoliklinikken greier ut, diagnostiserer og behandlar skulderplager.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Alle spesifikke skulderplager kan i utgangspunktet tilvisast til Skulderpoliklinikken.​

Pasientar som er eller står i fare for å bli sjukmeldt kan bli tilvist som Raskare tilbake​

Utgreiinga vert utført av spesialist i Fysikalsk medisin og rehabilitering. Det vert lagt vekt på ei heilskapleg vurdering av funksjon, funksjonstap og helse.

Det vert gitt individuell oppfølging ved lege;​  injeksjonar, rådgiving om til dømes funksjon, aktivitet og arbeid. 

Poliklinikken gir tilbod om r​​ehabilitering i Skuldergruppe​ for dei som kan ha nytte av dette. Unntaksvis kan ein få avtale om individuelle enkelttimar for rettleiing i funksjonell trening ved fysioterapeut.

Skulderpoliklinikken vil kunne tilvise vidare innan Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering, til andre spesialistavdelingar eller til vidare rehabilitering etter behov.

Legar, manuell terapeutar og kiropraktorar kan sende Tilvising​​ til Poliklinikken. 

TilvisingSkulderplager - Utgreiing og oppfølging

Skulderplager - Gruppetilbod