Skulderplager - Utgreiing og oppfølging

Skulderpoliklinikken ved Fysikalsk medisin og rehabilitering tilstrebar kort ventetid. Dei fleste får time innan 3-6 veker.

Utgreiing:

Etter tilvising får ein poliklinisk time hos lege for vurdering av skulder. Utgreiinga vert utført av legespesialist i Fysikalsk medisin og rehabilitering. Det vert lagt vekt på ei heilskapeleg vurdering av funksjon, funksjonstap og helse. Standariserte spørreskjema og testar i tillegg til kliniske testar og vurdering vert nytta.

Oppfølging hos lege:

  • ​​Rettleiing og råd med tanke på ei aktiv tilnærming til plagene. Fokus på funksjon i dagliglivet inkludert arbeidssituasjon.
  • Oppfølging med tanke på eksterne tilbod
  • Vidare vurdering og kartlegging som til dømes bildediagnostikk
  • ​Spesifikk behandling, som til dømes injeksjonsbehandling ved frossen skulder

Lege ved Skulderpoliklinikken kan tilvise vidare innan Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering, til anna spesialistavdeling eller til rehabilitering etter behov.

Individuelt hos fysioterapeut og lege:

Rettleiing, råd og aktiv tilnærming med tanke på trening og aktivitetar i dagleglivet og i arbeidssituasjonen.

Vidare forløp:

Etter utgreiing hos lege kan ein bli vurdert av fysioterapeut med tanke på vidare kartlegging og funksjonsvurdering

Ved behov vil ein få oppfølging vidare i skuldergruppe eller individuell oppfølging. Oppfølginga kan omhandle trening, lokal oppfølging og forhold knytta til arbeid.

Aktuelle tilstandar

Alle spesifikke skulderplager kan tilvisast poliklinikken.

  • Inneklemmingssymtom
  • Tendiopatiar (senerelaterte plager)
  • ​Smerter og funksjonssvikt på grunn av endra muskelaktivitet
  • Adhesive kapsulittar (frozen shoulder)
  • Følgetilstandar etter skade eller nerveskade
  • Uavklarte smerter og funksjonssvikt relatert til skulder

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.