Nakke/rygg behandlingstilbud

Nakke- og ryggpoliklinikken har ulike behandlingstilbod der pasientar vert behandla individuelt og i gruppe.

Pasientar med hovudsakeleg korsryggsmerte får behandling tre dagar i veka over tre veker.​  Tilbodet legg vekt på smerteforståing, meistring av smerter, funksjonell trening knytt til daglege aktivitetar og arbeid, og andre arbeidsretta tiltak med oppfølging i inntil 6 månader. Andre arbeidsretta tiltak kan være aktuelt, som samtale / besøk på arbeidsplass og kontakt med NAV​

Pasientar med nakkeplager og generaliserte muskelplager får behandling over tre veker, tre dagar i veka, med eit tilbod tilpassa denne gruppa. Det vert nytta ei kognitiv tilnærming både i gruppe, individuelt og i trening.

I trening blir det elles lagt vekt på kroppsbevisstheit i funksjonelle aktivitetar, i kondisjonstrening og i avspenning.

I gruppetilbodet vert det òg gitt individuell oppfølging.

Behandlinga  går føre seg i samarbeid med tilvisande lege, bedriftshelseteneste, NAV og arbeidsgivar, alt etter kva behov pasienten har.​​

Tankar og kropp i fokus

Dette er eit behandlingsprogram for pasientar ved poliklinikken som har delteke på tverrfagleg grupperehabilitering, og som er motiverte for å jobbe vidare for betre å meistre plagene sine.

Formålet med programmet er å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å redusere stress og endre lite tenlege meistringsmåtar slik at ein betre kan handtere muskel- og skjelettplager og belastningar i kvardagen.

Tilbodet inneheld ei meir kognitiv tilnærming og merksamt nærvær i form av kroppsbevisstheitstrening (Anderson et al.) i kombinasjon med eit yogaprogram (Lu Jong; tibetansk lækjande yoga), i tillegg til avspenning og meditasjon. I behandlinga nyttar vi ein CD med avspennings- og meditasjonsteknikkar. Denne nyttast også til heimebruk.

Oppfølgingstilbodet består av fire samlingar à 3,5 timar over fire veker. Deltakarane må binde seg til å delta på alle fire samlingane.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.