Nakke- og ryggpoliklinikken

Nakke- og ryggpoliklinikken si hovudmålsetjinga er å få pasientar med nakke- og ryggproblem i arbeidsfør alder tilbake i arbeid.

Poliklinikken gir tilbod til ryggpasientar som står i fare for å bli sjukmeldt,  har vore sjukmeldt i inntil fire månader eller har hyppige, kortvarige sjukmeldingar.

Vi tek også imot pasientar med utbredte muskelsmerter eller langvarige nakkesmerter. Desse gruppene kan ha vert sjukmeldt inntil seks månader. Unge som har vert sjukmeldt i lengre tid kan også tilvisast.
Pasientane vert undersøkt av legespesialist, fysioterapeut og  sjukepleiar.  I tillegg til kliniske vurdering nyttar vi ofte standardiserte spørjeskjema og testar.

Poliklinikken har eit fagleg samarbeid med kirurgiske avdelingar i sjukehuset (Nevrokirurgisk avdeling, Ortopedisk klinikk, Kysthospitalet i Hagevik) dersom det  blir snakk om operasjon.

Behandlingstilbod

Tilvising

Fleire avdelingar i Helse Bergen vurderer og behandlar ryggpasientar. Det er derfor viktig at rett pasient kjem til rett avdeling til rett tid, særlig når det gjeld å vurdere om operasjon eller trening er rett behandling. Tilvisingar for ryggpasientar skal derfor sendast til ei adresse i Helse Bergen: Ryggmottaket. Ein ryggspesialist ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering mottar henvisinga , vurderer denne raskt og sender den vidare til rett avdeling.

Sjå meir om tilvising her

Høy på lydfiler

Hør på lydfila; "Pusterommet" 

Hør på lydfila: "Mindfullness - Meditasjon"

Hør på lydfila "Kroppsskanning"


 Hør på lydfila "Introduksjon til kroppsskanning"

Hør på lydfila: "Avspenning Ro og tyngde"

Hør på lydfila: "Avspenning Hold - slipp"