Hovudskadepoliklinikk

Hovudskadepoliklinikken tilbyr utgreiing og behandling for pasientar som har vore utsett for ein hovudskade eller hjerneskade som fylgje av skade eller mangel på surstoff (drukning, hjartestans).

Primært ynskjer vi å få tilvist pasientar som har vedvarande plager ein til to månader etter hovudskaden, men vi utgreier også pasientar med eldre skadar.

Vi tek imot tilvisingar frå andre sjukehusavdelingar, fastlegar, legar og andre med tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta som kiropraktorar og manuellterapeutar. Alle pasientar får først ein time hjå spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering som tek stilling til om det er nødvendig med vidare tverrfagleg utgreiing. 

Les meir om våre tilvisingsrutinar

Vidare utgreiing og tverrfagleg oppfølging skjer etter behov hjå ergoterapeut, fysioterapeut, nevropsykolog, sjukepleiar, sosionom eller andre faggrupper der det er nødvendig.
 
Hovudskadepoliklinikken starta i 2008 opp som eit forskingsprosjekt der vi har forsøkt ut ein poliklinisk modell for utgreiing og oppfølging av pasientar med ein lett hjerneskade. I denne studien samarbeider vi med Oslo universitetssjukehus, Ullevål.

Les meir om forskingsprosjekta.

Om hjerneskade

Ein traumatisk hjerneskade er definert som tap av medvit eller hukommelse etter ein hovudskade. 
 
Ved moderate og alvorlege traumatiske hjerneskadar kan det oppstå avriving av hjernebaner og/eller blødingar i eller rundt hjernevevet som kan gje ulike nevrologiske utfall. Ved lette hjerneskadar er det i dei fleste tilfelle ikkje synleg teikn til skade på CT eller MR bilete av hjernen.

Ved ein hjerneskade vert hjernen utsett for ein akselerasjon og deselarasjon som kan føre til ein akutt overstimulering av hjernecellene. Det utløyser ein nevrometabolsk kaskade som til slutt fører til at elektrisk lada ioner strøymer inn i hjernecellene som fører til forbigåande nedsett funksjon og i sjeldne tilfelle varig skade i hjernen.

Det er derfor svært viktig å redusere stimulering og inntrykk for hjernen den første tida etter ein hovudskade for å redusere skadeomfanget. Generelle råd er å unngå TV, PC, høg lyd, kraftig lys, alkohol og andre situasjonar som krev merksemd.

Vidare er det viktig med tilstrekkeleg kvile. Dei fleste pasientar kjem seg fort, men nokre brukar fleire månader på å verte bra. Det er viktig å ta det med ro den første tida. Etter kvart som plagene gir seg, må ein forsøke seg gradvis tilbake i ulike aktivitetar med gradvis opptrapping. Er ein i tvil så kvil.