I klinikken ser ein at pasientar som primært er plaga med svimmelheit ofte lir av nakkesmerter, og at mange pasientar som primært er plaget med nakkesmerter og er svimle.
Introduksjon
Svimmelheit og nakkesmerte er begge relativt vanlege tilstandar blant den norske befolkninga og livskvaliteten er redusert i begge desse gruppene . Det har vore argumentert for at ustøheit og svimmelheit kan oppstå både på bakgrunn av uadekvat stimulering av nakkereseptorar hos pasientar med nakkesmerter. I tillegg er pasientar med vestibulær sjukdom ofte plaga med nakkesmerter.
Metode
Det er planlagt ein mulitsenterstudie der deltakarar rekruttert frå både Balanselaboratoriet ved Øyre-nase-hals avdelinga og frå Nakke og ryggpoliklinikken, AFMR, HUS.
Vi vil inkludere pasientar henvist til Balanselaboratoriet med og utan nakkesmerter, og pasientar henvist til Nakke- og ryggpoliklinikken med og utan svimmelheit.
Pasientane vert kartlagt med spørjeskjema og kliniske testar. Det vert planlagt oppfølging etter 5-6 månader for alle inkluderte pasientar for å sjå etter endring.
Kontaktperson
Stipendiat i prosjektet er Mari Kalland Knapstad
Mari.Kalland.Knapstad@helse-bergen.no