Balanse, rørslekvalitet og moderat til høgintensiv variert gangtrening etter hjerneslag

Kvart år vert omlag 12 000 personer i Noreg ramma av hjerneslag. For svært mange av desse er det å kunne gå igjen eit viktig mål i rehabiliteringa. Moderat til høgintensiv variert gangtrening har vist gode resultat for ganghastigheit og -distanse i nokre studiar, samtidig som ivaretaking av av balanse og rørslekvalitet er viktig for funksjon.

I denne planlagde pilotstudien vil vi undersøke om ein kombinasjon av tradisjonell behandling og moderat-til-høgintensiv variert gangtrening er akseptabel for pasientar og gjennomførbar for terapeutar.

​Bakgrunn

Omlag 2/3 av alle pasientar med hjerneslag opplever avgrensingar med omsyn til gange og deltaking, også lang tid etter gjennomgått hjerneslag (1). Både ganghastighet og gangdistanse er viktige prediktorar for gange i samfunnet (community ambulation) (2, 3). Ganghastighet korrelerer med funksjonsevne og sjølvtillit for eigen balanse og kan føreseie framtidig helsestatus og funksjonsnedsettelse ved mange ulike diagnosar, inkludert hjerneslag (4).

Forsking tyder på at høgre gangintensitet truleg akselererer funksjonsbetring etter hjerneslag (5), samtidig som gangintensiteten ved tradisjonell fysioterapi er funne å vere for låg (6). Intensitet er knytt til kardiovaskulær “fitness”, dosering (f.eks. varigheit, frekvens, repetisjon) og variasjon i aktiviteten.  Verdas Helseorganisasjon definerer intensitet som “… the rate at which an activity is being performed or the magnitude of the effort required to perform an activity or exercise” (7).  American Heart Association/American Stroke Association anbefaler låg-til-moderat intensitet i aerob aktivitet for å fremje kondisjon og fysisk funksjon, målt ved Rating of perceived exertion (RPE) til 11-14 (6 – 20 skala) (8). Samstundes har ei nyleg systematisk oversikt funne signifikant positiv effekt av høg-intensitetstrening (HIT, RPE 14-16) på oksygenopptak, maksimum ganghastigheit, uthald ved gange samt andre helsemål etter hjerneslag, og at helserisiko i samband med HIT er låg (9).

Store mengder med steg-trening har og vist å betre gangfunksjon (10, 11), spesielt i tidleg fase etter hjerneslag (12, 13). Nyare forsking tyder på at steg-intensitet og variasjon til dømes ta skritt forlengs, baklengs, sidevegs, over objekt, på skråplan, i trapp og hastighet, og er viktige faktorer for å betre gangfunksjon (14). Desse resultata må undersøkast vidare i større randomiserte studiar (15).

For å auke intensitet og antall steg i rehabilitering etter hjerneslag er tredemølletrening nytta i fleire studiar. Imidlertid viser ein større studie at rein tredemølletrening var assosiert med fleire fall eit år etter hjerneslaget enn meir tradisjonell trening der balanse og styrke vart vektlagt. Det var ingen skilnad i gangfunksjon mellom gruppene (16). Ei anbefaling for rehabilitering frå denne studien, var at betring av balanse bør vere innarbeidd i treningsprogram der målet er betring av gangevna til pasientane (16).

Med dette som bakgrunn er ein pilotstudie planlagt i samarbeid mellom Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Fysioterapiavdelingen, Haukeland universitetssjukehus. Føremålet med studien er å få kunnskap om og erfaring med ein potensielt meir effektiv intervensjon enn det som tradisjonelt vert tilbydd pasientar med hjerneslag. Intervensjonen bygger på forsking innan nevroplastisitet, der viktige prinsipper for nevrorehabilitering basert på erfaringsbasert/læringsbasert nevral plastisitet, er skildra (17-19): “Use it or lose it”, “Use it and improve it”, “Specificity”, “Repetition”, “Intensity” og “Time” (19). Hovudmålet med prosjektet er å undersøke om ein kombinasjon av tradisjonell behandling retta mot balanse og rørslekvalitet og moderat-til-høgintensiv variert gangtrening er akseptabel for pasientane og gjennomførbar (om ei to-deling av intervensjonen fungerer etter intensjonen). Delmål: undersøke utkomme for gangfunksjon. Dersom resultata er positive for gjennomførbarhet, aksept og gangfunksjon, kan dette endre måten ein rehabiliterer pasienter med hjerneslag i AFMR i framtida.

Metode

Pilotstudie over maksimalt 2 år  , der minst 10 pasienter i sub-akutt fase, inneliggande i AFMR, vert inkludert. Inklusjonskriterium: Stabil kardiovaskulær funksjon og evne til å tåle moderat-til-høgintensiv trening, sjølvstendig sittebalanse i 5 minutt, Functional Ambulation Category skår 1-5 (kan gå med mykje støtte - heilt sjølvstendig gange),  ganghastighet < 1 m/s, evne til å forstå 3-delt instruksjon eller MMSE skår ≥ 23 samt personleg informert samtykke. Eksklusjonskriterium: Pasientar som ikkje forstår informasjon eller instruksjon, har betydeleg ko-morbiditet, eller tidlegare ortopediske eller nevrologiske funksjonsvanskar med  gangdistanse på under 50 m før hjerneslaget.

Intervensjon

Behandlingstid på 60 minutter vert delt mellom tradisjonell behandling og moderat til høg-intensiv og variert gangtrening. Behandlingsperiode 4 veker.

  1. Tradisjonell behandling har som mål å betre pasienten sin balanse og rørslekvalitet under aktivitet, retta mot ICF-domena kroppsfunksjon/-struktur og aktivitet.
  2. Moderat-til-høgintensiv og variert gangtrening i tredemølle og/eller på golv ved bruk av eit mobilt ganghjelpemiddel, LiteGait. Behandlinga vert progrediert ved å introdusere variasjon (til dømes hastighet, retning, over objekter, i trapper) etter kvart som det er hensiktsmessig for pasienten. Sele med eller utan kroppsavlastning nyttast ved behov for pasient- og terapeut-tryggleik.

Kontaktperson

Karen.Breistein@helse-bergen.no


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.