Afasi etter hjerneslag - Skadelokalisasjon, prognosar og emosjonelle konsekvensar

Om lag 12.000 personer får hjerneslag i Norge kvart år, og ein anslår at 1/3 av desse opplever språkvanskar (afasi) som konsekvens av hjerneslaget.

​Afasi kan definerast som ein nevrologisk, erverva kommunikasjonsvanske som påverkar alle språklege funksjonar, slik som lesing, skriving, språkforståing og språkproduksjon.

Bakgrunn: Doktorgradsprosjektet utgår frå «Slagbehandlingskjeden – Bergen» (Hofstad, Naess, Moe-Nilssen, & Skouen, 2013) og «Slagdatabasen» (Næss, H., Thomassen, L., Brøgger, J, Waje-Andreassen, U., Idicula, T.) ved Haukeland Universitetssykehus og vert gjennomført ved Institutt for Biologisk og Medisinsk Psykologi ved Universitetet i Bergen.

Formål: Prosjektet består av tre studiar med ulike formål.

  1. I den første studia undersøkte vi sjølvrapporterte symptom på angst og depresjon hos personar med hjerneslag, med og utan afasi, etter eit år.
  2. I studie to såg vi på samanhengen mellom lokalisasjon av hjerneinfarkt og grad av afasi, samt symptoma i akuttfasen.
  3. I den siste studien ser vi på ulike forhold som kan tenkast å påverke grad av afasi eit år etter hjerneslaget, slik som skadelokalisasjon, grad av afasi i akuttfasen og alvorlighetsgrad av hjerneslaget i akuttfasa.


Materiale: Gjennom «Slagbehandlingskjeden» vart pasientar med mistanke om afasi tilvist og testa med Norsk Grunntest for Afasi av logopedar ved Nevrologisk avdeling, HUS. Pasientane som vart diagnostisert med afasi vart kalla inn til retesting etter 3 og 12 måneder og  testa på nytt av logopedar ved Avdeling for Fysikalsk Medisin og Rehabilitering. 66 pasienter vart diagnostisert med afasi ei veke etter hjerneslaget. Alle pasientar i «Slagbehandlingskjeden» vart  bedt om å fylle ut eit sjølvrapporteringsskjema om symptomar på angst og depresjon 12 månader etter inklusjon i studien. Gjennom «Bergen Stroke Registry» vart resultata frå MR-undersøkelsar og andre mål for alvorlighetsgrad av symptom etter hjerneslaget registrert og undersøkt i prosjektet. 

Metode: Alle studiane er kvantitative tverrsnittstudiar, der studie 1 og 3 også er oppfølgingsstudiar. I studie 2 og 3 benyttes voxel-based symptom lesion mapping for å undersøke forholdet mellom infarktlokalisasjon og språklege vanskar.

Tidsaspekt: Datainnsamling til studien starta samtidig med «Slagbehandlingskjeden» i 2008 og ble avsluttet i 2012. Doktorgradsprosjektet starta i 2013, og forventa avslutning er i 2017.

Finansiering: Doktorgradsprosjektet er finansiert av Universitetet i Bergen.

Kontaktperson: Hedda Døli ( heddoe@sunnaas.no )


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.