Vanleg stilte spørsmål

Eg er gravid, kva gjer eg?

Gi beskjed om dette på førehand! Røntgen til gravide anbefalast ikkje. Dersom det ikkje er sterke grunnar til at undersøkinga må utførast, vil den nok bli utsatt. 


Kva må eg gjere før undersøkinga? 

Sjå i timebrevet ditt. Der står det om førebuingar som du må gjere. Desse varierer frå undersøking til undersøking. Ring oss dersom noko er uklart.


Har dykk MR? 

Nei, vi har for augeblinken ikkje det, men MR på Kysthospitalet er satt opp på langtidsplanen for Helse-Bergen.


Kva er ventetida for å få time til røntgen eller CT hjå dykk? 

Vi jobbar for kort ventetid for pasientane våre. Frå vi får tilvisinga frå fastlegen til time hjå oss går det som oftast 1-2 veker. Nokre undersøkingar krev meir førebuingar.


Når får eg svar på undersøkinga?  

Vi opererer med at fastlegen skal ha svar innan 14 dagar etter at røntgenbiletet er tatt. Svaret vert då sendt, også elektronisk, til den legen som tilvisa den aktuelle undersøkinga.

Pasientar som skal til lege på sjukehuset sin poliklinikk får svar på bileta inne hjå legen.


Er røntgen farleg? 

Røntgenstråling er ioniserande stråling. Ioniserande stråling har moglegheita til å skade DNA. Ei røntgenundersøking skal vere retta og nytta overstige ulempa. 

Statens Strålevern har eigen informasjon om røntgen samt Helserisiko ved røntgen og nukleærmedisin.


Kvifor får eg kontrastvæske? 

Ved CT-undersøkingar vert det nokre gongar nytta kontrastvæske for å få meir informasjon frå undersøkinga. CT-undersøkingar med kontrast fortel meir om blodårer og/eller om funksjonen til enkelte organ, til dømes nyrer, lever eller urinvegar. 

Problemstillinga avgjer om ei undersøking vert gjort med eller utan kontrast og kva for type kontrast som skal nyttast.


Er kontrastvæske farleg?

 

Kontrastvæske kan gi biverknadar. Dei vanlegaste er ei kjensle av varme, kvalme eller metallsmak i munnen. Meir alvorlege allergiske reaksjonar kan oppstå, men det er sjeldan.   

Gi beskjed dersom du skal ha kontrast og du har diabetes. Medisin som inneheld metformin kan saman med kontrastvæske medverke til nyreskade. 

Brukar du medisin med metformin les "Informasjon: Br​uk av medisin mot diabets (pdf)​ ". Nærmare opplysing vert gitt i informasjonsbrevet.


Kvifor tok eg blodprøve? 

Bruk av kontrastmiddel under CT-undersøkingar kan vere ei større påkjenning enn vanleg for nyrene. På førehand sjekkar vi difor nyrefunksjonen, eGFR, for å sjå om det krevjast tiltak før eller etter undersøkinga.


Kva gjer ein CT? 

Ein CT brukar røntgenstråling til å lage snittbilete av kroppen din. Dette biletet gir meir informasjon enn eit vanleg røntgenbilete.


Kva er ein radiograf? 

Ein radiograf er den som tar røntgenbileta. Radiografen har minimum ein bachelor i radiografi.


Kva er en radiolog?  

Ein radiolog er er ein røntgenlege som granskar røntegnbileta. Radiologen er utdanna lege med tillegsutdanning i radiologi.