Informasjon til studentar ved KiH

Nyttig informasjon til Radiografstudentar som skal vera hos oss.

radiograf behandlinger pasient i maskin.foto
 
In​formasjonsskriv studentar Radiologisk avdeling (pdf)

Oppmøte første dag er kl. 09.00. Gå inn hovudinngangen og finn røntgenavdelinga i 2. etasje.


Om Kysthospitalet i Hagevik (KiH)

Kysthospitalet i Hagevik er eit over 100 år gammalt sjukehus som etter 1. januar 2002 vart ein del av Helse Bergen helseføretak.

KiH er ein del av Ortopedisk klinikk, og har status som spesialsjukehus innan elektiv ortopedisk kirurgi som:

  • Protesekirurgi i hofter, kne og skuldrer
  • Ryggkirurgi
  • Artroskopisk kirurgi
  • Føter

Sjukehuset har mellom anna fire operasjonsstuer, to sengepostar, ein poliklinikk, laboratoriet, fysioterapiavdeling og radiologisk avdeling.

KiH er definert som forskings- og undervisingsavdeling under Universitetet i Bergen, med ansvar for utdanning av legar, radiografar, fysioterapeutar og sjukepleiepersonell innan spesialitetane sine. 

Radiologisk avdeling ved KIH

Her arbeidar 6 radiografar, 3 sekretærar samt ein leiar. Vi har arbeidstid frå kl. 08.00-15.30 kvar dag. Annankvar tysdag og torsdag har vi kveldspoliklinikk der 1-2 radiografar arbeidar frå kl. 12.00-19.30.

Første dag får de omvising på sjukehuset og vert orientert om branninstruksen.

Det er PC tilgjengeleg ved ledig kapasitet, så lenge de har eiget passord til Helse Bergen.

Laboratoria

  • Lab 1: Siemens Luminos dRF MAX, med gjennomlysing frå 2015
  • Lab 2: Decotron DR m/vegg-, bord-, og berbar-detektor frå 2002.
  • CT lab: Philips Ingenuity Core, 64-snitt frå 2014.
  • Vi er tilknytta Agfa sitt RIS/PACS. 


Garderobe/Klede

Garderoben ligg i underetasjen på sjukehuset, og det er også der studentar hentar nytt tøy. Skap vil bli tildelt første dag i praksis. Eigen hengelås kan nyttast.

Garderoben krev nøkkelkort. Du får utdelt nøkkelkort i resepsjonen første dagen du kjem.

Kantine

Sjukehuset har ei flott kantine der du kan få kjøpt alt frå frukt til varm mat. Kantina tar bankkort. Vi har lunsj ein gong mellom kl. 11 og 12.

Hybel

Kysthospitalet har personalhyblar som kan leigast, desse kostar 1500 kr per mnd. inkl. strøm. Hyblane er ca. 15 kvm og du deler dusj og kjøkken med dei andre bebuarane. Hyblane ligg 50 m frå sjukehuset.

Vennlegst ta kontakt i god tid om du ynskjer hybel!

Transport

Frå Bergen sentrum er det buss. Ta Buss nummer 600 frå Bergen busstasjon perrong L(kvalitetssjekk). Gå av ved Tøsdalskiftet, og ta Buss 602 eller 607 vidare til Hagavik.​

Forventingar til studentane

Vi som er tilsett på radiologisk avdeling KiH skal gjere alt vi kan for at de skal føle dykk velkomne og ivaretatt. Til gjengjeld forventar vi at du som student er open for å lære og bli ein del av teamet vårt.

Kontakt

Skulen sin kontaktperson på KiH heiter Sissel Carlsen. Det er ho du skal spørje etter første dag. Hennar e-post adresse er: sissel.carlsen@helse-bergen.no .

Om du har spørsmål, små eller store, er det berre å ta kontakt!

Telefonnummeret til avdelinga er 56 56 59 96. Ved sjukdom bruker du også dette telefonnummeret.

Velkommen til oss!